miniatyr|Skota i Sarajevo sette «verda i brann» i 1914. miniatyr|Den russiske revolusjonen braut ut i 1917, og bana veg for skipinga av Sovjetunionen.
1910-talet er tiåret som byrja 1. januar 1910 og enda 31. desember 1919. Det var det andre tiåret av 1900-talet. 1910-åra var prega av den første verdskrigen, som varte frå 1914 til 1918. Fleire land gjekk gjennom store omveltingar, som Den meksikanske revolusjonen i 1910, Xinhairevolusjonen i Kina (1911-1912), Februar- og Oktoberrevolusjonen i Russland (1917) og Novemberrevolusjonen i Tyskland (1918).
Viktige hendingar Oktober 1911: Xinhairevolusjonen som førte til avsettinga av den kinesiske keisaren og at landet blei republikk. 1912: Atlanterhavsdamparen «Titanic» råka eit isfjell og sokk 15. april. 1 522 av dei 2 227 passagerarna døydde. 1912: Europeisk kolonisering av Nord-Afrika. Frankrike og Spanien delte Marokko i to protektorat, Fransk Marokko og Spansk Marokko. Italia tok over Libya frå Osmanarriket. 1912-1913: Dei to Balkankrigane, som til ei viss grad kan reknast som forløparar til første verdskrigen. 1. august 1914-11. november 1918: Første verdskrigen. Mars 1917: Februarrevolusjonen i Russland. November 1917: Oktoberrevolusjonen i Russland. 1917: Finland erklærte sjølvstende frå Russland. Oktober/november 1918: Den tyske novemberrevolusjonen førte til at keisar Vilhelm II av Tyskland abdiserte. 28. juni 1919: Versaillesfreden blei underskriven. August 1919: Grunnlegginga av den tyske Weimarrepublikken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «1910-talet» frå , den 23. mai 2011.
Kategori:Tiår