Kolokvint (Citrullus colocynthis) er ein fleirårig urt i graskarfamilien. Han høyrer til same slekt som vassmelon.

Planten har ein krypande vekst med stenglar som kan bli 2 meter lange. Han kan klatra ved hjelp av slyngtrådar i bladhjørnene. Blada er trekanta, mørkegrøne, handflika med 3–7 flikar og har bølgande bladkant. Blomane sit enkeltvis i bladhjørnene og er einkjønna, gule eller grøngule og 15–20 mm store. Planten er sambu med hann- og hoblomar på same plante. Frukta er rund, 4–12 cm i diameter, glatt og gul eller spraglete.

Kolokvint veks på tørre stader med stein og sand og i halvørken, ofte nær havet. Han er utbreidd i dei tørraste delene av middelhavsområdet, som Sør-Spania, Nord-Afrika, Sicilia, Hellas, Kypros og Levanten. Arten veks òg på Kanariøyane og i Sahara og ørkenane austover til India.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kolokvint» frå , den 24. oktober 2022.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Kategori:Graskarfamilien Kategori:Grønsaker