Knut Arild Hareide () er ein tidlegare politikar, og leiar for KrF frå 2011 til 2019. Hareide gjekk av som partileiar i 2019 etter at KrF valde å gå inn i regjering med Høgre, Venstre og Framstegspartiet, det sistnemnde partiet ville ikkje Hareide ha i koalisjonen. Sidan 1. januar 2022 har han vore sjøfartsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.
Bakgrunn Hareide vaks opp på Rubbestadneset. Han var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (Miljøvernminister) frå 18. juni 2004 til regjeringa Bondevik II gjekk av hausten 2005. Frå 24. januar 2020 var han samferdselsminister for regjeringa Solberg.
Hareide er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har sosiologi grunnfag frå Universitetet i Bergen. Han har vore politisk rådgjevar i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i Regjeringa Bondevik I, statssekretær i Finansdepartementet i den andre Bondevikregjeringa; og er 2. nestleiar i KrF frå 2003.
Då Hareide tiltredde stillinga som miljøvernminister 18. juni 2004, berre 31 år gammal, vart han den yngste ministeren frå KrF nokon sinne.
I det sivile livet har Hareide vore tilsett i Schibsted-konsernet sidan 1997. I januar 2007 vart det kjent at Hareide førebels trekte seg frå politikken for å satse på ein karriere i næringslivet. Frå 2007 til hausten 2009 var han tilsett som organisasjonsdirektør i Schibsted.«Hareide gir seg i KrF», Dagbladet, 25. januar 2007
Hareide blei ved stortingsvalet 2009 vald inn som representant frå Akershus. Han leia Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget.
Hareide er gift med Lisa Marie Hareide, saman har dei to born.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Norske samferdsleministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Politiske rådgjevarar frå KrF Kategori:Statssekretærar frå KrF Kategori:Leiarar for Kristeleg Folkeparti Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Lokalpolitikarar i Bømlo Kategori:KrF-politikarar i Hordaland Kategori:Folk frå Bømlo