Roger David Kornberg () er ein amerikansk vitskapsmann og professor i strukturbiologi. Han arbeider no ved Stanford University i California.
Han vart tildelt Nobelprisen i kjemi for 2006 for studiane sine av korleis informasjon i gena vert kopiert og overført til dei delane av cellene som produserer protein. Far hans, Arthur Kornberg, fekk Nobelprisen i medisin i 1959.
Kategori:Askenasiske nobelprisvinnarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:USA-amerikanske kjemikarar Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Folk frå Missouri