Kristina Sirum Novak () er ein norsk handballspelar frå Sandnes, som spelar for den norske eliteserieklubben Sola og det norske A-landslaget. Ved utgangen av 2022 står ho bokført med 14 landskampar og 28 mål.
Karriere Klubb Novak byrja å spele håndball for den lokale klubben Austrått, men melde som 14-åring overgang til Hundvåg. Deretter spela ho for 2. divisjonsklubben Ålgård, før ho 13. februar 2018 signerte for eliteserieklubben Sola.
Landslag Novak fekk sinn landslagsdebut i april 2022. Ho var med i Noregs tropp til Handball-EM 2022. Ho var med i dei innleiande rundane, men var vist til tribuneplass då lagkamaratane vann finalen mot Danmark.
Merittar EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kristina Novak» frå , den 16. november 2022.
Landskampar
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Sandnes