Kaja Kallas () er ein estisk advokat, økonom og politikar som frå 26. januar 2021 er statsminister i Estland. Ho har sidan 2018 vore leiar i Det estiske reformpartiet.
Liv og virke Kallas er dotter av den tidlegare statsministeren og nasjonalbanksjefen Siim Kallas og lækjaren Kristi Kallas.
Kallas er utdanna jurist frå Universitetet i Tartu frå 1999. Ho har spesialisert seg på konkurranselovgjeving. Ho har vore advokat og partnar i advokatfirmaa Borenius og Tark & Co., i tillegg til rettleiar ved ein privat handelshøgskule i Tallinn. I 2010 vart ho også MBA-kandidat frå handelshøgskulen.
Kallas er ein klassisk liberalar. Ho vart vald inn i parlamentet, Riigikogu, for Reformpartiet i 2011. I 2014 vart ho vald inn i Europaparlamentet, der ho sat i parlamentet sin komité for industri, forsking og energi. Ho gjorde seg særleg merka for engasjementet sitt for digitalisering. I 2018 gav ho ut ei bok om livet og virket sitt i Brussel i desse åra. I 2018 vart ho vald til leiar i Reformpartiet og forlet Europaparlamentet. 14. januar 2021 var Kallas beden om å danne ny regjering i Estland etter at statsminister Jüri Ratas trekte seg på grunn av skuldingar om korrupsjon.
Kallas gifta seg i 2018 med forretningsmannen Arvo Hallik. Ho var tidlegare gift med statstenestemannen, parlamentsmedlemmen og finansministeren Taavi Veskimägi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kaja Kallas» frå , den 6. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad Kaja Kallas hos Europaparlamentet.
Kategori:Estiske statsministrar Kategori:Estiske politikarar Kategori:Estiske advokatar Kategori:Estiske økonomar Kategori:Folk frå Tallinn