miniatyr|Fysikk med Selda Ekiz (2016) Selda Ekiz () er ein norsk fysikar og programleiar i NRK.

Liv og virke Bakgrunn Ekiz er oppvaksen i Sande i Vestfold. Foreldra hennar innvandra frå Tyrkia i 1970-åra. Ho er oppkalla etter den tyrkiske songaren Selda Bağcan.NRK drivkraft (4. januar 2021).

Selda Ekiz flytta heimanfrå for å ta vidaregåande på Skagerak International School. I 2011 tok ho mastergrad i fysikk frå Universitetet i Bergen,Selda Ekiz A new approach to compound specific gas detection Masteroppgave i fysikk - Universitetet i Bergen. Institutt for fysikk og teknologi, 2011 og var der med på å starte opp vitskapsformidlingsgruppa «Fysikkshow Bergen». Saman med Bjørn H. Samset la ho i 2015–2016 ut forskingspodcasten Vitendate.Podcasten Vitendate

Karriere Ekiz har vore tilknytt NRK Trøndelag. Frå 2011 til 2013 var ho programleiar for det populærvitskapelege ungdomsprogrammet Newton. For programmet vann ho Gullruten 2013 som beste kvinnelege programleiar, og vart nominert i same klasse under Gullruten 2012, i tillegg til publikumsprisen i 2013. Hausten 2013 og hausten 2014 var ho programleiar for NRK Super-serien Barn ingen adgang.NRK nett-TV «Barn ingen adgang» Sidan 2013 har ho vore programleiar i kunnskapstevlinga Klassequizen på NRK TV. Frå 2015 til 2017 var ho programleiar i den populærhistoriske realityserien Anno, som dramatiserte daglegliv for 250 år sidan, og sidan 2018 har ho saman med Ole Rolfsrud vore programleiar for TV-tevlinga Alle mot 1.NRK nett-TV AnnoNRK Kultur og underholdning 13. januar 2018. «Alle mot 1»: Ikke bekymret for tekniske problemer. Besøkt 13. januar 2018 I 2019 mottok ho Mensa Norges pris for evna si til å senke terskelen for barns interesse for intellektuelle konsept, og å inspirere barn til å la nyfikenheit, vitskap og forsking vere ein del av kvardagen deira.

I 2020 debuterte Ekiz som skodespelar i NRK sin dramaserie Norsk-ish, der ho spela gynekologen Helin og hadde ein stor del av dialogen på tyrkisk. For Norsk-ish og Alle mot 1 vart ho nominert til publikumsprisen under Gullruten 2021.

Frå 2008 har Ekiz også opptredd som stand-up komikarvimeo.com: Mamma - Selda Ekiz, hentet 13. november 2011 og var ein av tre som vann «Urørt og Uhørt» under Den store Norske Humorfestivalen i 2008.

Privatliv Ekiz er sambuar og fekk sitt første barn våren 2021. Ho var kjærast og sambuar med komikaren Gustav Nilsen frå 2010 til 2018.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Selda Ekiz» frå , den 19. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Selda Ekiz hos The Movie Database

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Vinnarar av Gullruten for beste programleiar Kategori:Studentar ved Universitetet i Bergen Kategori:Nordmenn av tyrkisk opphav Kategori:Folk frå Sande i Vestfold