«Wild World» er ein song skriven og spelt inn av den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens. Songen dukka først opp på det fjerde albumet hans, Tea for the Tillerman, innspelt og gitt ut i 1970.
Bakgrunn Stevens utvikla eit forhold til skodespelarinna Patti D'Arbanville, og dei to var eit par gjennom ein periode på omtrent to år. I løpet av den tida skreiv han fleire songar om henne, inkludert «Wild World».
Songen er forma som ord frå songaren til den forlatne kjærasten sin, inspirert av slutten på forholdet deira. Stevens fortalte seinare til Mojo: «Det var ein av dei akkordsekvensane som er veldig vanleg i spansk musikk. Eg snudde han rundt og kom opp med det temaet - som er eit tilbakevendande tema i arbeidet mitt - som har å gjera med å forlata, tungsinnet ved å forlata, og forventninga om kva som ligg bortanfor.»
Songen vart gitt ut som singel i slutten av 1970 og nådde 11. plassen på Billboard Hot 100-lista. «Wild World» har vorte kreditert som songen som gav albumet Tea for the Tillerman, «nok drag» til å få det spelt på FM-radio; og Island Records-sjefen Chris Blackwell kalla det «det beste albumet me nokosinne har gitt ut».
I november 2008 vart CD-en Tea for the Tillerman gitt ut på nytt i ei luksusutgåve som inkluderte den originale demoen av «Wild World».
Tolking
Enkelte kritikarar og musikkskribentar har rekna «Wild World» for å vera nedlatande og kvinnefiendtleg.Judy Berman, «10 Classic Rock Songs That Are Also Epic Mansplanations», Flavorwire, 19. november 2013.«The Deconstruction of Popular Music: 'Wild World', by Cat Stevens, Literary Ramblings, 1. mai 2013. I essayet «But Now I'm Gonna Move» frå 1971 skildra kritikaren Ellen Willis ein metode for å avsløra mannlege skeivskapar i songtekstar der lyttaren førestiller seg at kjønna er bytt om:
Medverkande Cat Stevens - klassisk gitar, akustisk gitar, klaverinstrument, solovokal Alun Davies - akustisk gitar, korvokal Harvey Burns - trommar, conga, tamburin John Ryan - kontrabass
Salslister
Vekeslister Liste (1970–1971)PlasseringUS Cash Box Top 100Cash Box Top 100 Singles, 17. april 197118 Liste (2007)Plassering
Årslister Liste (1971)PlasseringUS (Joel Whitburn's Pop Annual)102US Cash Box98
Salstrofé
Coverversjonar Songen har vorte spelt av mange artistar, og mange av coverversjonane har vorte eigne hittar. Jimmy Cliff sin versjon, gitt ut nokre månader etter at Stevens gav ut originalversjonen, nådde åttandeplassen på UK Singles Chart. Overraskande nok vart Stevens sin eigen versjon ikkje gitt ut som singel i Storbritannia. Nokre av dei følgjande coverversjonane har òg vore i reggae-stil, som Maxi Priest sin versjon av songen. Innspelt og gitt ut som singel i 1988, gjorde òg denne versjonen det bra på hitlistene, og nådde femteplassen på UK Singles Chart og 25. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.
I 1987 skulda Jonathan King Pet Shop Boys for å ha plagiert melodien til «Wild World» for deira britiske nr. 1-singel «It's a Sin». Han kom med påstandane i The Sun, som han skreiv ei fast spalte for på 1980-talet. King gav òg ut sin eigen coverversjon av «Wild World» som singel, med eit liknande musikalsk arrangement som «It's a Sin», i eit forsøk på å demonstrera påstandane sine. Denne singelen floppa, medan Pet Shop Boys saksøkte King, og vann til slutt erstatning utanfor retten, som dei donerte til velgjerd.
Den 7. juli 2007 vart songen framført to gonger på Live Earth-konsertane. James Blunt song han på Wembley Stadium i London i England, medan Stevens (då kjent som Yusuf Islam) sjølv song han i Hamburg i Tyskland.
I 2011 gav den taiwansk-amerikanske songarinna Joanna Wang ut sin eigen versjon på albumet hennar The Things We Do for Love. Wang-versjonen vart òg vist i den amerikanske nett-tv-serien The Good Fight sesong 1, 2017
Kjende innspelingar 1970: Jimmy Cliff 1971: Claude François (Fleur sauvage) 1971: Barry Ryan 1971: Bette Midler 1971: José Feliciano 1971: The Gentrys 1971: The Ventures 1971: Franck Pourcel (Instrumental) 1971: Sacha Distel 1987: Jonathan King 1989: SNFU 1993: Mr. Big 1994: Wise Guys 2000: Pepê & Neném 2001: Me First and the Gimme Gimmes 2003: Skye Sweetnam (Billy S. – B-side) 2004: John Waite 2007: Skins-besetninga, leia av Mike Bailey 2007: James Blunt 2010: Ronan Keating (med Marvin Priest) 2012: Andy Allo 2013: Garth Brooks 2018: Bastille (med Kianja) 2018: Marion Raven (konsertversjon på ein akustisk turné i Noreg)
Maxi Priest version
I 1988 spelte den engelske reggae-vokalisten Maxi Priest inn ein versjon av songen, som vart gitt ut som tredje singel frå albumet Maxi. Singelen nådde 25. plassen på Billboard Hot 100. I Europa hadde han stor suksess og nådde tredjeplassen i Noreg, femteplassen i Belgia, Irland, New Zealand og Storbritannia, sjuandeplassen i Nederland og åttandeplassen i Australia.
Salslister
Vekeslister Liste (1988)PlasseringCanada Top Singles (RPM)11
Årslister Liste (1988)PlasseringBelgia (Ultratop Flandern)82Nederland (Nederlandsk Topp 40)76UK Singles (OCC)96
Mr. Big-versjonen
I 1993 gav det amerikanske rockebandet Mr. Big ut ein versjon av «Wild World» på sitt tredje album Bump Ahead. Singelen nådde 27. plassen på Billboard Hot 100, nr. 33 på Top 40 Mainstream og nr. 12 på Mainstream Top 40. I Europa hadde han stor suksess, med ein fjerdeplass i Danmark, sjuandeplass i Austerrike og Sveits, tiandeplass i Noreg, Sverige og Nederland og 13. plass på Island.
Kritisk mottaking Larry Flick frå Billboard skildra versjonen som «ein relativ trufast versjon». Han la til: «Tiltalande solovokal og tette harmonium vev seg rundt cowboy-aktig akustisk klimpring og kvikk, men subtil elektrisk skribling. Varmt gjenkjenneleg og lett spor». Troy J. Augusto frå Cashbox kommenterte: «Tilbake til ballade-land igjen med ein truverdig versjon av Cat Stevens-klassikaren.» Dave Sholin frå Gavin Report kalla han ein «sjelfull, kjenslevar tilnærming med ein smak av rock». Han noterte vidare at vokalisten Eric Martin «er kraftfull utan å overmanna songen».
Ein annan redaktør, Kent Zimmerman, komplimenterte den «avgjort treaktige, akustiske smaken». Alan Jones frå Music Week sa at han er «gjengitt i den lågmælte, intime rockballade-stilen som nyleg er teken i bruk av Metallica, Extreme og Little Angels. Mr. Big ber han veldig bra og kan forventa ein beskjeden hit.» John Kilgo frå The Network Forty noterte at han «høyrest oppsiktsvekkjande lik originalen frå 1971», og la til at han «vil høyrast ut som ein frisk, ny song for den yngre demografien.»
Musikkvideo Den tilhøyrande musikkvideoen til «Wild World» vart regissert av Nancy Bennett.
Innhald
Salslister
Vekeslister Liste (1993)PlasseringDanmark (IFPI)4Europa (Eurochart Hot 100)19Iceland (Íslenski listinn Topp 40)13Japan (Oricon)56Poland (LP3)2
Årslister Liste (1994)PlasseringNederland (Nederlandsk Topp 40)89
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wild World (Cat Stevens song)» frå , den 11. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Cat Stevens-songar Kategori:Maxi Priest-songar Kategori:Mr. Big-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Cat Stevens Kategori:Songar produserte av Paul Samwell-Smith Kategori:Songar frå 1970 Kategori:A&M Records-singlar Kategori:Island Records-singlar Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Balladar frå 1970-åra Kategori:Popballadar Kategori:Jimmy Cliff-songar Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Ronan Keating-songar Kategori:Garth Brooks-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Hank Marvin-songar