mini|Ulike frøperler mini|Smykke med frøperler frå Botswana, laga før 1925. Frøperle eller rocaille er små, einskapleg utforma perler til perlearbeid som kan vera under ein millimeter til nokre millimeter vidde. Dei er vanlegvis runde, men kan også vera meir sylindriske i utforming eller ha andre former. Dei kan brukast til perleveving, broderi, smykke og liknande. Dei fleste frøperler blir laga i Japan og Tsjekkia.
Storleiken på denne typen perler blir oppgjeven som 1/0 eller 1/°, 2/0 eller 2/° og så bortetter, med større tal for mindre storleikar. Den største storleiken på frøperler er vanlegvis 5/°, som er kring 5 mm vide. Det blir laga storleikar ned til 15/°. Tidlegare blei det også laga endå mindre perler.Weiss, Lesley. "Seed Beads." The Best of Bead and Button Magazine. Side 7. Storleiken er ikkje standardisert, og kan variera mellom ulike produsentar. Tabellen under gjev eit oversyn over tilnærma storleikar.
Storleiksnemning Diameter (mm) 1/0 6,5 2/0 6,0 3/0 5,5 4/0 5,0 5/0 4,5 6/0 4,0–4,3 7/0 3,4–4,0 8/0 2,5–3,1 9/0 2,2–2.,7 10/0 2,0–2,3 11/0 1,8–2,1 12/0 1,7–1,9 13/0 1,5–1,7 14/0 1,4–1,6 15/0 1,30–1,40 16/0 1,25–1,35 17/0 1,2 18/0 1,15–1,20 20/0 1,0–1,17 22/0 1,02 24/0 0,91
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Seed bead» frå , den 19. april 2023. oppgav desse kjeldene: Bibliografi
Kategori:Perlearbeid Kategori:Formingsmateriale