Forskingsetikk handlar om dei etiske prinsippa forskarar må halda seg til ved utføring av vitskapleg aktivitet. Det omfattar mellom anna planlegging og gjennomføring av eksperiment på menneske og dyr, lovregulering av genetisk forsking og bioteknologi og dessutan førebygging av forskingsjuks og plagiering innan forsking.
Omsyn Deltakarane i forskingsprosjekt skal vera friviljug og som regel med skriftleg samtykke. Det skal også vera anonymitet og teieplikt for alt sagt og gjort av deltakarane i forskingsprosjektet. Forskinga skal også vera objektiv og nøytral (utan å vinkla forskinga).
Grunnlag Forskingsetikken innan medisinsk forsking er basert på Nürnbergkodeksen (utvikla i samband med Legeprosessen i 1947) og Helsinkideklarasjonen frå 1964.Alexander, L. (1976). Ethics of human experimentation. Psychiatric Journal of the University of Ottawa. 1(1-2), 40–46. Helsinkideklarasjonen
Norske lover I Noreg er forskingsetikken regulert igjennom Lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskningsetikkloven), og Lov om medisinsk og helsefaglig forsking (helseforskningsloven). Desse lovene vert forvalta av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane og De regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Forskningsetikk» frå , den 6. mai 2023.
Bakgrunnsstoff De nasjonale forskningsetiske komiteene
Kategori:Forsking Kategori:Etikk