Polar Bear Provincial Park er ein isolert villmarkspark heilt nord i Ontario i Canada. Han ligg på vestkysten av Jamesbukta der denne møter Hudsonbukta. Terrenget er del av Hudson Bay Lowlands og omfattar urørt lågtliggande tundra. Mykje av området er prega av permafrost, med mykje myr, sump og muskeg.

Parken dekkjer og er den største parken i Ontario. Han er administrert av Ontario Parks, og ein treng spesielle løyve for å vitja han. Det finst ingen fasilitetar for vitjande, og ein kan berre nå han med luftfartøy. Hovduføremålet med parken er å verna om habitatet for artane her, særleg dei fleire hundre isbjørnane som migrerer gjennom området.

Polar Bear Provincial Park er blitt rekna som eit internasjonalt viktig våtmarksområde under Ramsar-konvensjonen sidan mai 1987.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Polar Bear Provincial Park» frå , den 11. juni 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Verneområde oppretta i 1970 Kategori:Verneområde i Ontario