Resirkulert er eit norsk poprock-band frå Storfjord i Troms, som også har hatt base i Tromsø. Dei gjev ut musikken sin på det tromsøbaserte plateselskapet Mano Music.
Bandet vart oppretta i 2013 og deltok same år på UKM der dei kom vidare til landsfestivalen i Larvik. Også i 2014 kom dei vidare til landsfestivalen. Året etter fekk bandet Ungdommens Kulturpris i Storfjord ved den fyrste utdelinga av prisen.
Same år, i 2015 sleppte dei debut-EP-en Blåmaling og spela på fleire festivalar i laupet av sommaren, mellom anna Riddu Riđđu.
Det fyrste albumet, Du snakke for dæ sjøl, kom i 2017 til god respons frå avisa iTromsø. I 2019 kom oppfylgjaren For en dag, for et liv som også vart teke godt imot lokalt. Same år vann gruppa prisen Årets unge artist under Sámi Music Awards.
Hausten 2022 annonserte bandet at dei skulle gje seg etter ein avskjedsturné i 2023.
Diskografi
Album
Du snakke for dæ sjøl, 2017 For en dag, for et liv, 2019
EP-ar
Blåmaling, 2015
Singlar
Nederst på lista, 2015 Før æ går til mitt, 2016 Undervannsfest, 2016 En million, 2017 Filosofen, 2017 Grav dæ ned igjen, 2017 Over vannet, 2018 Áddjá, 2018 Papirtiger, 2019 Palass, 2019 Feil vei, 2019 For en dag, 2019 Ut i huttiheita (vis oss vei), 2020 Vagabond, 2022 Du så mæ dra, 2023
Kjelder
Kategori:Musikkgrupper frå 2010-talet Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Norske rockegrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 2013