Blow Up Your Video er det ellevte studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, gjeve ut i 1988. Albumet kom ut på ny i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.

Innspeling Innspelinga av Blow Up Your Video fann stad i Nomis Studio i London i 1987. I august og september møttest bandet i Studio Miraval i Le Val i Provence i Sør-Frankrike saman med Harry Vanda og George Young, produksjonsteamet bak dei tidlege albuma til bandet. Dette var òg det siste studioalbumet med trommeslagaren Simon Wright.

I ein framsideartikkel i Rolling Stone frå 2008 innrømde George Young overfor David Fricke at Blow Up Your Video-økta var då han innsåg at broren Malcolm, som alltid hadde drukke mykje, var i ferd med å bli alkoholikar: «Eg såg teikna. Malcolm hadde eit problem. Eg sa at viss han ikkje tok seg saman, ville eg slutta. Eg kan ikkje hugsa at det hadde nokon effekt.»

Bandet spelte inn 16 spor under innspelingane, inkludert dei upubliserte låtane «Let It Loose» og «Alright Tonight», og dessutan andre versjonar av «Heatseeker» og «That's the Way I Wanna Rock 'n' Roll». To låtar til, «Snake Eye» og «Borrowed Time», vart spelt inn, men ikkje med på albumet. Låten «Down on the Borderline» vart spelt inn, men ikkje gitt ut før i 1990 som B-side. Alle desse tre låtane vart seinare inkluderte på Backtrack i 2009. Demoane til låtane «Let it Loose» og «Alright Tonight» vart stole og piratkopiert, så dei vart utelatne frå det endelege albumet.

Blow Up Your Video er det siste albumet med Brian Johnson som tekstforfattar/låtskrivar (alle låtane på dei følgjande albuma vart skrivne av Young-brørne).

Tittelen på albumet er henta frå ei linje i låten «That's The Way I Wanna Rock 'n' Roll». I 1988 forklarte Angus Young tittelen til MTV Australia: «Me var endå eit band som er best å sjå i ein livesituasjon, og det var slik tittelen oppstod... 'Fordi alt er automatisk no for tida. Ein gut kan trykkja på knappen på TV-en, han har ein fjernkontroll og kan pløya gjennom alt og få det inn frå heile verda. Du kan slå på radioen og høyra rock frå USA. Det beste for oss som band var at me alltid var gode på scena.»

Turné Bandet starta ein verdsturné i Perth 1. februar, og spelte 16 datoar i Australia for første gong på sju år. Bandet spelte fire låtar frå Blow Up Your Video live på turneen: «Heatseeker», «That's the Way I Wanna Rock 'n' Roll», «Nick of Time» og «Go Zone».

På tampen av den nordamerikanske delen av turneen (som skulle vara frå mai til november) bestemde Malcolm Young seg for ikkje å delta for å handtera eit etter kvart problematisk alkoholmisbruk. I motsetning til Angus, som alltid hadde vore fråhaldsmann, likte Malcolm å drikka, men dei siste åra hadde det eskalert til eit punkt der det byrja å påverka opptredenane. Bandets tidlegare amerikanske agent Doug Thaler hugsar at han såg bandet på ein av Monsters of Rock-konsertane i 1984: «Eg gjekk inn i AC/DC-garderoben og tok ein whisky med Malcolm og Jonno [Brian Johnson] medan Mötley Crüe spelte. Då AC/DC gjekk ut på scena, hadde Malcolm tydelegvis fått for mykje å drikka. Dei spelte songen som Angus pleidde å spela gitarsolo og strippa til, og Malcolm klarte så vidt å halda ein jamn rytme – han klarte ikkje eingong det. Han fall ned i trommesettet, og eg tenkte: 'Jøss, dette går ikkje bra'.»

I april 1988 innsåg Malcolm at han hadde eit problem, og med tanke på den altfor tidlege bortgangen til den tidlegare bandkameraten sin Bon Scott (den førre AC/DC-vokalisten døydde av alkoholforgifting i London i 1980) byrja han å gå på AA-møter, og til VH1-programmet Behind the Music i 2000 kjende han: «Drikkinga tok overhand. Eg kjende meg som Dr. Jekyll og Mr. Hyde. Eg hadde ein samtale med Angus... Eg svikta folk... Eg var ikkje hjernedød, men eg var berre fysisk og mentalt øydelagd av alkoholen.» Malcolm og Angus sin nevø Stevie Young vikarierte for han, sjølv om Malcolm var med på resten av turneen og i musikkvideoane for Blow Up Your Video. Stevie steppa òg inn for Malcolm i 2014 då det vart kjent at gitaristen leid av demens.{

Etter at dei siste albuma deira hadde underprestert kommersielt, bringa denne turneen AC/DC tilbake i rampelyset, og det følgjande albumet, The Razors Edge, viste seg å bli ein større kommersiell suksess.

Mottaking

Albumet var det mest selde albumet deira med nytt materiale sidan For Those About to Rock We Salute You, og vart sertifisert platina i USA. Blow Up Your Video nådde andreplassen i Storbritannia og 12. plassen i USA. Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste hardrock/metal-song eller instrumental i 1989. I den opphavlege Rolling Stone-meldinga skreiv Jim Farber: «Heldigvis held Young-brørne fram med å komma med nok inspirerte riff til at tunnelsynet kan forsvarast. Faktisk utgjer riffa her det mest fengjande verket til bandet sidan det klassiske albumet Back in Black.» Greg Prato i AllMusic kalla albumet «ufokusert» og «overfylt med bortkasta ting som 'Nick of Time'.» Den kanadiske journalisten Martin Popoff meinte albumet var «frustrerande» og at bandet «leita for djupt etter ei ny, gåtefull retning». Forfattaren Paul Stenning skildra likevel albumet som «lyden av ei gruppe som held fram med å vere aktuell, men som likevel definerer rocken på sine eigne premissar».Paul Stenning, AC/DC: Two Sides to Every Glory, Chrome Dreams, 2005,

Innhald

Tilleggslåtene «Snake Eye» og «Borrowed Time» vart spelt inn, men berre gitt ut på 12-tommars singelversjonane av høvesvis «Heatseeker» og «That's the Way I Wanna Rock 'n' Roll». «Snake Eye» vart òg inkludert på 3-tommars CD-singelen til «Heatseeker». Låten «Down on the Borderline» vart spelt inn, men ikkje gitt ut før i 1990, som B-sida på den australske singelen «Moneytalks» i 7-tommars, 12-tommars og CD-singelformat. Alle desse tre låtane vart seinare gitt ut i 2009 på boksen Backtrack.

Medverkande AC/DC Brian Johnson – solovokal Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Cliff Williams – bassgitar, korvokal Simon Wright – trommer, perkusjon

Produksjon Harry Vanda, George Young – produsentar Tom Swift – lydteknikar Jean-Jacques Lemoine, Chuck Cavanagh – assisterande lydteknikarar Roy Cicala – assistent George Marino – mastering i Sterling Sound, New York Gered Mankowitz, George Bodnar – fotografi

Salslister +Salslister for Blow Up Your Video Liste (1988) Plassering Australske album (ARIA) 2 Finnish Albums (Suomen virallinen lista) 1

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blow Up Your Video» frå , den 28. juni 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:AC/DC-album Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av George Young Kategori:Album produserte av Harry Vanda Kategori:Album spelte inn i Studio Miraval Kategori:Albert Productions-album Kategori:Nummer-ein-album i Finland