mini|Fransk taco frå O'Tacos.

Fransk taco ( [takos fʁɑsɛ]), også kjend som Lyon-taco ( [takos ljɔnɛ]), også kalla matelas (fransk for «madrass»), er ein snøggmatrett som normalt består av ein kveitetortilla som vert grilla og folda rundt eit fyll av pommes frites, ost og kjøt, blant anna deliingrediensar.

På fransk bruker ein alltid fleirtallsforma (tacos) om denne matretten, sjølv i tilfelle der det berre er snakk om ein («un tacos»).

Trass i namnet har fransk taco lite å gjere med ein meksikansk- eller ein texmex-taco og kan faktisk være meir lik ein burrito (spesielt californiaburrito); han er også blitt samanlikna med panini og dönerkebabsandwich.

Opphav Fransk taco oppstod i regionen Rhône-Alpes i Frankrike i byrjinga av 2000-åra, før han blei populær blant tenåringar og unge vaksne i heile Frankrike og i utlandet.

Noko av populariteten kom på grunn av den relativt låge prisen og store porsjonsstorleiken samanlikna med andre snøggmatvariantar i landet; i 2019 kosta ein fransk taco omtrent fem euro.

Utbreiing Utbreiinga til den franske tacoen har gått hand i hand med veksten til kjeden O'Tacos. I 2019 var denne kjeden vaksen til å ha over 200 utsalsstadar i Frankrike, Belgia og Marokko, og dei hadde ein omsetnad på over to milliardar kroner i året. Opningsfestane til O'Tacos var blitt til store arrangement der kjente rapparar kom for å halde konsert.

Den franske tacoen kom til Noreg med opninga av gatekjøkenet French Taco and Burgers Avenue på Nesttun i Bergen i 2021. Året etter utvida dei med ein utsalsstad i Bergen sentrum, før dei også etablerte seg på Frogner i Oslo i 2023.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fransk taco» frå , den 26. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Snøggmat Kategori:Fransk mat