Mateusz Przybylko () er ein tysk høgdehoppar fødd i Bielefeld av polske foreldre. Han vart europameister i øvinga i 2018.

Karriere Przybylko vart utslått i høgdehopp-kvalifiseringa både under Friidretts-VM 2015 og OL 2016. Den 25. juni 2017 presterte han livsbeste 2,35 meter i Bottrop. To månader seinare vart han femtemann i VM i friidrett 2017 i London. Ved EM i friidrett 2018 i Berlin vann han gullmedaljen då han som den einaste tok seg over 2,35 meter. Han var langt unna finaleplass i så vel VM 2019 som i Tokyo-OL i 2021. Derimot tok han i 2022 seg vidare frå kvalifisering til både VM-finale i Eugene og til EM-finale i München, og enda med høvesvis 12. og 6. plass i dei to meisterskapane.

Przybylko var tysk meister 2017, 2018, 2020.

Kjelder

Mateusz PRZYBYLKO | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Mateusz Przybylko» frå , den 19. august 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske høgdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020