Olve Grotle () er ein norsk jurist og politikar frå Bremanger. Sidan 2021 har han representert valkrinsen Sogn og Fjordane og partiet Høgre på Stortinget.
Grotle vart i 1989 cand.jur. med kommunalrett som spesialfag ved Universitetet i Bergen. Han var tilsett i Advokatfirmaet Harris i 1990-93 og 1995-2003. 1993 og 1994 var han dommarfullmektig ved Sunnfjord sorenskriveri. I tida 2003 til 2011 var han privatpraktiserande advokat i Førde.
Grotle var medlem i Førde bystyre frå 2003, ordførar frå 2011. Etter kommunevalet 2019 vart han vald til ordførar i den nye kommunen Sunnfjord kommune. Hausten 2021 kom han inn på Stortinget, som representant for Høgre. Han vart plassert i Næringskomitéen.
Kjelder
Grotle, Olve (1964-) ved stortinget.no Denne artikkelen bygger på «Olve Grotle» frå , den 20. august 2023.
Kategori:Folk frå Bremanger Kategori:Norske juristar Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025