Hansjörg Kunze () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Rostock som representerte Aust-Tyskland i langdistanseløp.

Kunze sette europarekord på 5 000 meter i Rieti 9. september 1981. Med livsbeste 13.10,4 slo han samstundes Henry Rono frå Kenya, ein løpar som hadde dominert på distansen. Sidan tok Kunze bronsemedaljen i milløpet under VM i friidrett 1983, etter ein heseblesande innspurt der Alberto Cova kneip gullmedaljen og Werner Schildhauer sølvmedaljen. Fire år seinare vann Kunze i Roma på ny bronsemedaljen på 10 000 m i verdsmeisterskap. Sommaren 1988 sette han personleg rekord på mila med 27,26,0, oppnådd i Bislett Games i Oslo. Under Sommar-OL 1988 i Seoul sikra han seg enno ein bronsemedalje, då på 5 000 meter.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Hansjörg Kunze» frå , den 18. september 2023.

Kategori:Tyske langdistanseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987