Norges Husflidslag er ein kultur- og interesseorganisasjon som arbeider for å styrkje den levande husflidstradisjonen i Noreg ved å organisere aktivitetar og tiltak som utviklar husflidsfagleg interesse og kunnskap, produksjon og omsetjing. Norges Husflidslag blei skipa i 1910. I 2017 hadde organisasjonen medlemmar, 360 lokallag, 36 tilknytte husflidbutikkar som er heil- eller deleigde av fylkes- og/eller lokallag i Norges Husflidslag, og 150 husflidshandverkarar.

Norges Husflidslag er medlem av Norges kulturvernforbund og Studieforbundet kultur og tradisjon. I 2014 blei organisasjonen akkreditert av UNESCO som ikkje-statleg organisasjon (NGO) med ekspertise innanfor immateriell kulturarv, som den tredje organisasjonen i Noreg.

Norsk Husflid Norges Husflidslag har sidan 1964 gjeve ut medlems- og fagbladet Norsk Husflid, som har husflid og handverk som tema. Det redaksjonelle fokuset er på bunad, strikk, vev, tre, broderi, skinn, glas, tekstil, tradisjonar og design. Bladet har eit opplag på meir enn eksemplar.

Arbeid på lokalplan Det friviljuge arbeidet i lokal- og fylkeslaga består blant anna i arrangement som for eksempel utstillingar og kursverksemd. Organisasjonen tilbaud i samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon i 2013 om lag kurs- og studietimer innanfor blant anna vev, bunadssaum, tre og metall. (besøkt 10. januar 2014)

Husflidskonsulentane Per 2023 har Norges Husflidslag 17 husflidskonsulentar, ein produktkonsulent og ein barne- og ungdomskoordinator. Husflidskonsulentane representerer Norges Husflidslag i fylka, og er fagfolk som yter service til organisasjonen, husflidhandverkarane, fylkeskommunen, skuler og andre som ønskjer råd eller rettleiing. Mange husflidskonsulentar er også drivkrefter i nasjonale og lokale/regionale prosjekt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Norges Husflidslag» frå , den 25. september 2023.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Ung Husflid

Kategori:Norske kulturorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1910 Kategori:Kulturminnevern Kategori:Kulturarv Kategori:Norske interesseorganisasjonar