Siri Gåsemyr Staalesen () er ein norsk politikar. Ho har vore stortingsrepresentant frå Oslo for Arbeidarpartiet sidan 2017.

Staalesen er utdanna historikar. Ho har arbeidd i Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune og i Miljøverndepartementet. Fram til 2017 var ho partisekretær i Oslo Arbeidarparti. I 2017 var ho Oslo Arbeidarparti sin fjerdekandidat ved stortingsvalet 2017. Perioden mellom 2017 og 2021 var ho på Stortinget medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Ved stortingsvalet i 2021 var Staalesen partilaget sin sjettekandidat. Dermed vart ho andre vararepresentant til Stortinget 2021–2025. Men ettersom Arbeidarpartiet kom til regjeringsmakt i oktober 2021, har ho kunna møtt fast på Stortinget i staden for statsråd Espen Barth Eide. Ho heldt fram i den same Kommunalkomiteen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siri Staalesen» frå , den 27. september 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025