thumb|Eit tradisjonelt cante alentejano-kor, 2022. Cante alentejano (‘alentejansk song’) er ein polyfon songsjanger frå Alentejo i Portugal.Ciccia, M.N. (2013). «Grândola Vila Morena»: l’hymne de la contestation portugaise. Lengas. Revue de sociolinguistique, (74). Saman med fado er han ein av dei særeigne portugisiske sjangrane. Begge er førte opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv. I cante alentejano blir lyrikk framført a cappella av amatørkor på opp til 30 personar, ofte reine mannskor. Songen følgjer eit fast skjema: Songen blir innleia med fire verselinjer av ei mørk solorøyst, deretter blir melodien gjenteken av ei lysare røyst før heile koret syng med. Songen er prega av særeigne melodiar og tekster. Tradisjonen er stadig levande i Alentejo og blir overført frå eldre utøvarar til nye generasjonar i praktiske korøvingar. Songarane kjem saman i eigne klubbar eller på lokale kafear og barar. Serpa kommune tok initiativet til å få cante ført på UNESCO si liste.
«Grândola, Vila Morena» av Zeca Afonso er ein av dei mest kjende songane i denne stilen. Songen blei brukt som hemmeleg signal under Nellikrevolusjonen i 1974 og har sidan vore eit kjent symbol på demokratiseringa og politisk protest.O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest - The Official History. Carlton Books, UK. 2007 ISBN 978-1-84442-994-3Revolutionary freedom song interrupts parliamentary debate , TPN/ Lusa News Agency (LUSA), The Portugal News, GENERAL category, 16. februar 2013
Sergio Trefaut vann i 2014 prisen for beste portugisiske film på Lisboa filmfestival for dokumentaren Alentejo, Alentejo om denne songtradisjonen. Cante Alentejano blei lenge sett på som trist og kjedeleg; på 2000-talet har han fått auka popularitet og status (slik fado har fått), særleg etter UNSECO-anerkjenninga i 2014. Det er usikkert korleis stilen har oppstått – greske, jødiske og mauriske påverknadar har vore føreslegne av musikkforskarar. Gregoriansk song har også blitt foreslått som eit mogleg opphav. Opphaveleg blei det truleg sunge ved sosiale samkomer eller uformelt blant gardsarbeidarar; frå 1926 var det faste kor fyrst i São Domingos, så i Serpa. I 2014 var det om lag 150 kor i Alentejo.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cante Alentejano» frå , den 29. september 2023.
Bakgrunnsstoff
Dokumentarklipp, frå UNESCO via YouTube
Kategori:Musikksjangrar Kategori:Portugisisk musikk Kategori:Immateriell kulturarv i Portugal Kategori:Representativ liste over den immaterielle kulturarven til menneskja