Choe Ryong-hae () er ein nordkoreansk politikar og offiser som har vore formann for den ståande komiteen til den øvste folkeforsamlinga i Nord-Korea sidan 11. april 2019. Han er også, frå same dato, fyrste viseformann i Statskomiteen der Kim Jong-un er leiar. Han er også viseformann og medlem av presidiet i Politbyrået i Det nordkoreanske arbeidarpartiet. I tillegg har han vore nestkommanderande i militærkommisjonen til partiet, etter leiaren Kim Jong-un. Han er rekna som nummer tre i makthierarkiet i Nord-Korea, etter Kim Jong-un og statsminister Kim Tok-hun.
Biografi Choe Ryong-hae blei fødd 15. januar 1950 i Sinchon i provinsen Sør-Hwanghae. Han er son av Choe Hyon, som kjempa saman med Kim Il-sung som geriljasoldat tilknytta Den nordaustlige anti-japanske arméen i Mandsjuria etter den japanske okkupasjonen i 1931. Choe Hyon fungerte seinare også som forsvarsminister i Nord-Korea. Choe Ryong-hae tilhøyrer dimed andre generasjons revolusjonære, noko som gir høg status blant nordkoreanarane. Han gjekk inn i Den koreanske folkearméen i 1967, og han har studert politikk og økonomi ved Kim Il-sung-universitetet.
Politisk karriere Choe byrja sin politiske karriere som politisk instruktør for det nordkoreanske arbeidarpartiet ved Kim Il-sung-universitetet i 1970. Han steig i gradene innanfor det sosialistiske ungdomsforbundet til Kim Il-sung, der han blei viseformann i 1981 og formann i 1986. Frå 1986 var han også representant i Den øvste folkeforsamlinga, medlem av presidiet og medlem av sentralkomiteen. I 1990-åra leia han også det nasjonale fotballforbundet og det nasjonale taekwondoforbundet. Han mista posisjonen sin i januar 1998 etter skuldingar om salsverksemd mot utlandet utan tillating. Han skal ha blitt teken til nåde etter at systera til Kim Jung-il greip inn til hans fordel og etter å ha gjennomgått omskulering. Choe gjorde seg ikkje merka innan leiarskapet i landet før Kim Jong-il sin død i desember 2011. Han blei då sett på som ein nøkkelperson og støttespelar i maktovertakinga til Kim Jong-un. I april 2012 fekk han ei rekkje høge leiarverv; han blei utnemnd til chosu (den nest høgaste militære offisersgraden i Nord-Korea, tilsvarande ein posisjon mellom marskalk og general), medlem av politbyrået i partiet, viseformann i militærkommisjonen, sjef for det politiske byrået for Den koreanske folkearméen (som utgjer den politiske kontrollen med dei militære styrkane, underlagd forsvarsdepartementet) og medlem av den nasjonale forsvarskommisjonen.
På eittårsdagen for Kim Jong-il sin død 16. desember 2012 var Choe iført generalsuniform, mens han to dagar tidlegare var iført visemarskalkuniforma. I april 2014 blei han utnemnd til fyrste viseformann i Den nasjonale forsvarskommisjonen, noko som igjen styrka hans posisjon som nummer to i hierarkiet, men han blei deretter erstatta av visemarskalk Hwang Pyong-so som leiar for politbyrået til partiet.
I januar 2015 blei det meldt at den nest eldste sonen til Choe, Choe Song, hadde gifta seg med systera til Kim Jong-uns, Kim Yo-jong.
I 2017 blei Choe vald inn i den sentrale militærkommisjonen til partiet.
I oktober 2017 blei Choe utnemnd til leiar for organisasjons- og rettleiingsavdelinga i partiet. Før Choe blei utnemnd hadde denne posisjonen lenge vore atterhalden Kim-familien. Hans forgjengar i stillinga var Kim Jong-un.
I april 2019 blei Choe president i Den øvste folkeforsamlinga.
Sanksjonar I desember 2018 sette USA i verk sanksjonar mot Choe og to andre nordkoreanske leiarar på grunn av mistanke om brot på menneskerettane og sensuraktivitetar.
Familie Det er kjent at Choe har to søner og ei dotter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Choe Ryong-hae» frå , den 3. oktober 2023.
Kategori:Nordkoreanske politikarar