mini|Svensk kanelbolle med knust perlesukker mini|Italiensk påskekake, Colomba di Pasqua, med utpressa perlesukker Perlesukker er eit produkt laga av raffinert kvitt sukker. Sukkeret er grovt, hardt, ugjennomsiktig kvitt og smeltar ikkje ved temperaturar ein vanlegvis nyttar ved baking. Produktet er som oftast framstilt ved å knusa klossar av kvitt sukker, som så blir sikta for å samla brotstykke med ein viss diameter. Det kan også lagast ved å koka sukkeret ekstra lenge slik at det dannar store sukkerkrystallar.
I Norden blir perlesukker (svensk pärlsocker; finsk raesokeri, «haglsukker») brukt til å dekorera ulike typar bakverk og konfekt, som kaker, småkaker, muffins og bollar som skillingsbollar. I Tyskland blir perlesukker (tysk Hagelzucker, «haglsukker») tradisjonelt brukt på julesmåkaker og kanelbollar. I Belgia, blir sukkeret brukt i Liège-vaflar, mens det blir brukt i sûkerbôle (frisisk for «sukkerbrød») i Friesland. I Frankrike nyttar ein det til chouquettes, ein type choux-bakverk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Perlesukker» frå , den 23. november 2023.
Kategori:Svensk mat Kategori:Norsk mat Kategori:Dansk mat Kategori:Sukker