Nikolaos Gyzis () var ein gresk kunstmålar. Han var ein viktig representant for München-skulen, den viktigaste greske kusntrørsla på 1800-talet som stod for akademisk realisme.

Liv og virke Gyzis var fødd på øya Tínos, som har ei lang kunstnarisk historie. Familien flytta til Aten i 1850, og Gyzis byrja snart ved kunsthøgskulen i Aten. Ved hjelp av eit stipend drog han til Akademie der Bildenden Künste München i 1865, der han kom til å bli verande livet ut. Frå 1886 var han professor der. Blant elevane hans var John Macody Lund, Jan Vochoc, Ernst Oppler, Fritz Osswald, Anna May-Rychter Hammersite Auction House og den rumenske målaren Stefan Popescu.

Etter å fyrst ha laga detaljerte realistiske avbildingar av historiske motiv, fekk verka hans etterkvart ein sterk impresjonistisk karakter. På byrjinga av 1870-talet vendte han tilbake til Hellas og var der i fleire år. Etter dette laga han ei rekkje måleri med sterkare greske motiv, som Karneval i Aten og Arravoniasmata (‘trulovingsseremoni’) og litt seinare Etter øydelegginga av Psara. Mot enden av livet sitt, på 1890-talet, vende han seg mot meir religiøse tema.Det best kjende verket frå denne perioden er Triumfen til religionen.NCAW Autumn 02 | Antonis Danos on Nikolaos Gyzis's The Secret School

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nikolaos Gyzis» frå , og «Nikolaos Gyzis» frå den 21. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Greske målarar