Sonnets from the Portuguese, skriven ca. 1845-46 og fyrst gjeven ut i 1850, er ei samling av 44 kjærleiksdikt i sonetteform skrivne av Elizabeth Barrett Browning. Samlinga var omtykt og populær i levetida til diktaren, og er det framleis. Sjølv om tittelen hintar om at sonettene er omsette frå portugisisk, er dei i røynda alle skrivne av Browning.

Den fyrste linja av Sonette 43 er blitt ei av dei best kjende i engelsk diktarkunst: «How do I love thee? Let me count the ways.»

Tittel mini|Illuminert side av Phoebe Anna Traquair til Sonette 30. Barrett Browning var i utgangspunktet tilbakehalden med å gje ut dikta, ettersom ho meinte dei var for personlege. Men mannen hennar, Robert Browning, insisterte på at dei var den beste samlinga av engelskspråklege sonettar sidan Shakespeare si tid, og oppfordra henne til å publisera dei. For å gje seg sjølv og ektemannen litt privatliv, bestemte ho seg for å gje dei ut som om dei var omsetjingar frå eit anna språk. Ho planla opphavleg å kalla samlinga Sonnets translated from the Bosnian, men Robert Browning føreslo at ho i staden hevda at kjelda var portugisisk, kanskje på grunn av si eiga beundring for Camões og at kallenamnet hans for henne var «my little Portuguese». Tittelen er òg ein referanse til Les Lettres Portugaises av Claude Barbin frå 1669.

Kjende sonettar frå verket Dei best kjende dikta i samlinga er nummer 33 og 43:

Nummer 33

Nummer 43

Inspirasjon for andre verk Fyrstelinja til Sonette 43 er blitt brukt i ei rekkje titlar og verk.

Musikk

«Let Me Count the Ways» av Yoko Ono, song frå Milk and Honey frå 1980 «Let Me Count the Ways (I Love You)» song av The Temptations frå The Temptations Do The Temptations frå 1976. «Let Me Count the Ways», song av Tanya Tucker frå Dreamlovers frå 1980. «Let Me Count the Ways», song av Steve Hackett frå Till We Have Faces frå 1984. «Let Me Count the Ways», song av Dave Koz frå Off the Beaten Path frå 1996. «How do I love thee?» av Libby Larsen frå Sonnets from the Portuguese frå 1990. «Let Me Count the Ways» av Natural frå 2002.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sonnets from the Portuguese» frå , den 6. januar 2024.

Kategori:Verk frå 1850 Kategori:Engelske diktsamlingar Kategori:Elizabeth Barrett Browning