Mahé er den største øya i Seychellane. Ho ligg i Indiahavet, eit stykke aust for det afrikanske fastlandet. Øya er ei 6 km brei og 25 km lang øy, og har ei yte på 153 km². Mahé har ei befolkning på 78.539 innbyggjarar (2011). Mahé er hovudøya i øygruppa Seychellane. Ho husar 90% av folkesetnaden i landet, hovudstaden Victoria og den einaste hamna på Seychellane.

Mahé er ei granittøy der det høgaste punktet er Morne Seychellois på 905 moh. Fjellet ligg i ein nasjonalpark med same namn. Ved øya ligg òg dei marine nasjonalparkane Port Launay og Sainte- Anne. Frå Mahé blir det eksportert kopra, kanel, patchouli og vanilje.

Ho har namn etter Bertrand-François Mahé de La Bourdonnais, ein fransk guvernør for Isle de France (dagens Mauritius).

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mahé (ö)» frå , den 11. januar 2024.

Kategori:Øyar i Indiahavet Kategori:Seychellisk geografi