Martin Schanche () er ein tidlegare norsk motorsportsutøvar. «Mister Rallycross» har vorte FIA europameister i rallycross seks gongar.

Martin Schanche debuterte i løpssamanheng i 1972, 27 år gamal. I 1975 tok han sølv i isbane-NM. Frå 1976 til 2001 køyrde han rallycross, og vart europameistar i 1978, 1979, 1981, 1984, 1991 og 1995.

Martin Schanche er fødd i Trondheim, men voks opp i Leirpollskogen i Tana i Finnmark. I dag er han busett i Drøbak i Frogn kommune i Akershus, saman med kona Birgit (frå Tyskland) og dottera Melissa. Han er kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet.

Ved kommunevalet i 2003 vart han kjent for å slå ned Ap-politikaren Torgeir Micaelsen då han under ein skuledebatt i Drammen kalla Schanche «feiging». Dette skapte mykje riksdekkjande merksemd. Denne merksemda gjorde Schanche til ein ofte parodiert karakter i radioprogrammet Petremorgen på NRK P3.

I desember 2016 gjorde Martin Schanche det kjent at den biologiske faren hans var tysk jagarflygar.

Bakgrunnsstoff Parodiar på Petremorgen i NRK Den ukjende familiehistoria

Kategori:Norske rallycrossførarar Kategori:Folk som har køyrd 24-timarsløpet i Le Mans Kategori:Lokalpolitikarar i Frogn Kategori:FrP-politikarar i Akershus Kategori:Folk frå Tana