Dame Nellie Melba GBE (fødd Helen Porter Mitchell; ) var ein australsk operasopran. Ho var ein av dei mest kjende songarane i seinviktoriansk tid og tidleg på 1900-talet, og var den fyrste australaren som fekk eit internasjonalt ry som klassisk musikar. Ho tok kunstnarnamnet «Melba» frå Melbourne, heimbyen sin.

Melba studerte song i Melbourne og fekk ein viss suksess i framføringar der. Etter eit kort og mislukka ekteskap flytta ho til Europa for å skipa ein karriere som songar. Ho fekk ikkje engasjement i London i 1886, men drog til Paris, der ho studerte og snart fekk stor suksess der og i Brussel. Då ho kom tilbake til London, etablerte ho seg raskt som den leiande lyriske sopranen ved Covent Garden frå 1888. Ho fekk vidare suksess i Paris og andre stadar i Europa, og seinare ved Metropolitan Opera i New York, der ho debuterte i 1893. Repertoaret hennar var lite; i heile karrieren framførte ho ikkje meir enn 25 roller og var nært identifisert med berre ti. Ho var kjend for framføringane sine i fransk og italiensk opera, men song lite tysk opera.

Under fyrste verdskrigen samla Melba inn store summar til velgjerdsorganisajonar knytte til krigen. Ho kom ofte til Australia i løpet av 1900-talet, song i opera og heldt konsertar, og fekk eit hus bygd i nærleiken av Melbourne. Ho var aktiv i å undervisa i song ved Melbourne Conservatorium. Melba heldt fram med å synge til dei siste månadane av livet, og hadde fleire avskjedskonsertar. Døden hennar i Australia blei kjend over heile den engelsktalande verda, og gravferda hennar var ei stor nasjonal hending. Den australske 100-dollar-setelen har bilde av henne.

Liv og virke

Bakgrunn venstre|mini|portrett|Nellie Melba med faren og ei niese, Nellie Paterson, i Melbourne i 1903.

Melba var fødd i Richmond i Victoria som den eldste av dei sju borna til David Mitchell og kona hans Isabella Ann, fødd Dow.Davidson, Jim. "Melba, Dame Nellie (1861–1931)", Australian Dictionary of Biography, vitja 11. desember 2012 Mitchell var ein skotte som hadde utvandra til Australia i 1852, og fekk suksess innan anleggsbransjen. Melba fekk læra å spela piano og song offentlege for fyrste gong kring seksårsalderen. Ho blei utdanna ved ein lokal internatskule og deretter på Presbyterian Ladies' College. Ho studerte song med Mary Ellen Christian (ein tidlegare elev av Manuel García) og Pietro Cecchi, ein italiensk tenor, som var ein respektert lærar i Melbourne.Steane, J. B. "Melba, Dame Nellie (1861–1931)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edition, januar 2011, vitja 24. mai 2011. I tenåra heldt Melba fram med å opptre på amatørkonsertar i Melbourne og området rundt, og ho spelte orgel i kyrkja. Far hennar oppfordra henne til å studere musikk, men var sterkt imot at ho skulle bli profesjonell songar.Sadauskas, Andrew. "Melba Bashed by Cowardly Husband", Australian Stamps Professional, accessed 23 May 2011

Mor til Melba døydde uventa i 1881. Faren flytta familien frå Richmond til Mackay i Queensland, der han bygde ein ny sukkerfabrikk. Melba blei snart populær i Mackay for songen og pianospelet sitt.

22. desember 1882 gifta Melba seg i Brisbane med Charles Nesbitt Frederick Armstrong (1858-1948), den yngste sonen til sir Andrew Armstrong. Dei fekk eitt barn, sonen George, fødd den 16. oktober 1883."Divorce of Madame Melba", The Morning Bulletin, 14. april 1900, s. 5 Ekteskapet var ikkje lukkeleg; Charles skal ha slått henne meir enn ein gong. Dei skilde seg etter eit år, og Melba kom tilbake til Melbourne fast bestemt på å utvikla ein karriere som songar. Ho debuterte profesjonelt med konsertar i 1884.Skinner, Graeme. "Lemmone, John", Dictionary of Sydney, 2008, accessed 19 January 2015 Ho blei ofte akkompagnert av fløytisten John Lemmone, som også organiserte nokre av konsertane hennar, og blei ein livslang ven og rådgjevar for henne.

Etter den lokale suksessen reiste Melba til London på leit etter fleire mogleikar. Ho debuterte i Princes' Hall i 1886, og prøvde å få arbeid hjå sir Arthur Sullivan, Carl Rosa og Augustus Harris utan suksess. Då drog ho til Paris for å studere med den leiande læraren Mathilde Marchesi, som straks skjønte at den unge songaren hadde potensial, og ropte ut: «J'ai enfin une étoile!» (‘Eg har endeleg ei stjerne!’). Melba gjorde så raskt framgang at ho fekk lov til å synge «Mad Scene» frå Ambroise Thomas sin Hamlet på ein matinée musicale heime hjå Marchesi i desember det same året, med komponisten til stades.

Talentet til den unge songaren var så tydeleg at etter mindre enn eit år med Marchesi gav impresarioen Maurice Strakosch henne ein tiårskontrakt for 1000 frank per år. Etter at ho hadde signert, fekk ho eit mykje betre tilbod på 3000 frank per månad frå Théâtre de La Monnaie i Brussel, men Strakosch ville ikkje gje henne fri og fekk ei forbod som hindra henne i å akseptera det. Denne vanskelege saka blei uventa løyst då Strakosch plutseleg døydde."Melodies and Memories", The Times Literary Supplement, 5. november 1925, s. 738 Melba operadebuterte fire dagar seinare som Gilda i Rigoletto på La Monnaie den 12. oktober 1887. Kringe denne tida, på råd frå Marchesi, tok ho kunstnarnamnet «Melba», ein samantrekking av namnet på heimbyen sin.

Debutar i London, Paris og New York mini|portrett|Melba i kostyme til Lucia di Lammermoor.

Melba debuterte i Covent Garden i mai 1888, i tittelrolla til Lucia di Lammermoor. Ho fekk ei vennleg, men ikkje begeistra mottaking. The Musical Times skreiv: «Madame Melba er ein flink vokalist, og ein ganske respektable representant for lyse sopranodelar; men ho manglar den personlege sjarmen som trengst for ein stor figur på den lyriske scenen»."Royal Italian Opera", The Musical Times, juli 1888, s. 411 Ho blei fornærma då Augustus Harris, som då var kunstnarisk leiar ved Covent Garden, berre tilbaud henne birolla som Oscar i Un ballon i maschera for neste sesong."A Prima Donna – Madame Melba's Memories", The Times, 23. oktober 1925, s. 8 Ho forlét England og svor ho aldri ville venda tilbake. Året etter opptredde ho på Opéra i Paris, i rolla som Ophélie i Hamlet. The Times skildra dette som «ein brilliant suksess», og vidare at «Madame Melba har ei stemme med stor fleksibilitet ... ho spelar uttrykksfullt og slåande»."France", The Times, 10. mai 1889, s. 5

Melba hadde ein sterk støttespelar i London, lady de Grey, som hadde ei sterk stilling i Covent Garden. Melba blei overtala til å koma tilbake, og Harris gav henne ei rolle i Roméo et Juliette (juni 1889) mot Jean de Reszke. Ho sa seinare: «Eg daterer suksessen min i London ganske klart til den store kvelden den 15. juni 1889». Etter dette kom ho tilbake til Paris som Ophélie, Lucia i Lucia di Lammermoor, Gilda i Rigoletto, Marguerite i Faust og Juliette. I franske operaer hadde ho ikkje god uttale, men komponisten Delibes sa at han ikkje brydde seg om ho song på fransk, italiensk, tysk, engelsk eller kinesisk, så lenge ho song. venstre|mini|portrett|Philippe, hertugen av Orléans I dei fyrste åra av 1890-talet song Melba ved dei leiande europeiske operahusa, inkludert Milano, Berlin og Wien. I byrjinga av tiåret hadde Melba eit forhold til prins Philippe, hertug av Orléans. Dei blei ofte sett saman i London, noko som skapte ein del snakk, men det oppstod mykje meir oppstyr då Melba drog gjennom Europa til St. Petersburg for å synga for tsar Nikolaj II. Hertugen følgde nært etter henne, og dei blei sett saman i Paris, Brussel, Wien og St. Petersburg. Armstrong innleidde skilsmisseforhandlingar på grunn av Melba sin utruskap, og nemnde hertugen som medrespondent. Han blei til slutt overtala til å droppa saka, men hertugen kom fram til at ein toårig safari i Afrika, utan Melba, ville vera passande. Han og Melba gjenoppretta ikkje forholdet seinare.The Times, 5. november 1891, s. 5; 6. november 1891, s. 9; 20. februar 1892, s. 5; 17. februar 1892, s. 13; 12. mars 1892, s. 16; 14. mars 1892, s. 3 og 24. mars 1892, s. 3

Melba song rolla som Nedda i Pagliacci i Covent Garden i 1893, like etter den italienske premieren. Komponisten, Ruggero Leoncavallo, var til stades, og sa at rolla aldri var blitt spelt så godt før."A week's musical topics", The New York Times, 4. juni 1893 I desember same året song Melba for fyrste gong ved Metropolitan Opera i New York. Som ved debuten hennar i Covent Garden hadde ho rolla som Lucia di Lammermoor, og som på Covent Garden var det mindre enn ein triumf. New York Times lovprisa framføringa hennar - «ei av dei vakraste røystene som nokon gong kom ut av ein menneskehals ... rett og slett herleg i fylde, rikdom og reinheit» - men verkte var gått av moten, og framføringa hadde lite publikum."'Lucia' at the Opera", The New York Times, 5. desember 1893 Rolla hennar i Roméo og Juliette, seinare i sesongen, var ein triumf, og etablerte henne som leiande prima donna i tida etter Adelina Patti. Ho kunne knapt tru snobberiet ved Metropolitan. Forfattaren Peter Conrad skreiv: «I London hadde ho omgått kongelege; i New York var ho ein syngande tenar.» I lag med suksess blant kritikarane vigde ho seg til å også få sosial aksept, noko ho oppnådde.

mini|portrett|Melba som Marguerite i Faust Frå 1890-talet spelte Melba ei vid rekkje roller i Covent Garden, hovudsakleg i det lyriske sopranrepertoaret, men òg nokre tyngre roller. Ho song tittelrollene i Elaine av Herman Bemberg"The Opera", The Times, 6. juli 1892, s. 9 og Esmeralda av Arthur Goring Thomas,"Royal Opera", The Times, 4. januar 1908, s. 7 italienske roller som Gilda i Rigoletto,"Royal Italian Opera", The Times, 10. juni 1889, s. 8 tittelrolla i Aida,"Covent Garden Opera", The Times, 7. november 1892, s. 12 Desdemona i Otello,"Royal Opera – Otello", The Times, 2. juli 1908, s. 13 Luisa i I Rantzau av Mascagni,"The Opera", The Times, 10. juli 1893, s. 8 Nedda i Pagliacci,"The Opera", The Times, 20. mai 1893, s. 8 Rosina i Barberen i Sevilla,"Royal Opera", The Times, 9. juli 1898, s. 10 Violetta i La traviata"Royal Opera", The Times, 26. juli 1898, s. 8 og Mimì i La bohème."Royal Opera", The Times, 3. juli 1899, s. 10 I det franske repertoaret song ho Juliette i Roméo og Juliette,"Royal Italian Opera", The Times, 4. juni 1890, s. 8 Marguerite i Faust, Marguerité de Valois i Les Huguenots,"Royal Opera", The Times, 1. juli 1895, s. 8 tittelrolla i Hélène, som var skriven for henne av Saint-Saëns, og Micaëla i Carmen."Royal Italian Opera", The Times, 6. juli 1891, s. 8

Nokre skribentar sa seg overraska over at Melba spelte den siste av desse rollene, sidan det berre var ei birolle i operaen. Ho framførte rolla ved mange høve, og sa i memoarane sine: «Kvifor ei prima donna ikkje skulle synga sekundære roller forstod eg ikkje då og er ikkje nærare ved å skjøna i dag. Eg hatar det kunstneriske snobberiet kring det". Ho song rolla mot Carmen-ar spelte av Emma Calvé, Zélie de Lussan og Maria Gay."Royal Opera", The Times, 26. november 1906, s. 10 Marguerite Valois er heller ikkje den kvinnelege hovudrolla i Les Huguenots, men Melba var villig til å ta henne som seconda donna til Emma Albani. Ho var generøs i støtta si for songarar som ikkje konkurrerte med henne i favorittrollene hennar, men var, som biografen hennar J.B. Steane sa det, «patologisk kritisk» mot andre lyriske sopranar.