Arica-provinsen (spansk Provincia de Arica) er ein av to provinsar i den nordlegaste regionen i Chile, Arica og Parinacota. Provinsen grensar i nord til Tacna-regionen i Peru, i sør til Tamarugal-provinsen i Tarapacá-regionen, i aust til Parinacota-provinsen og i vest ligg Stillehavet. Hovudstaden er hamnebyen Arica.

Historie

Villa de San Marcos de Arica vart grunnlagd i 1541 på staden for ei førkolumbisk busetjing, og fekk bystatus i 1570. Provinsen kring byen tilhøyrde Peru fram til 1879, då han vart erobra av chilenarane, som fekk kontroll over han under Ancón-traktaten (1883).

Geografi og folkesetnad

Ifølgje folketeljinga for 2002 av National Statistics Institute (INE) spenner provinsen over eit område på 8 726,4 km2 og hadde ei befolkning på 186 488 innbyggjarar (92 487 menn og 94 001 kvinner), noko som gav den ein befolkingstettleik på 21,4 innbyggjarar per km². Mellom folketeljingane 1992 og 2002 voks befolkninga med 9,5 % (16 184 personar).

Administrasjon

Som ein provins er Arica ei administrativ eining på andre nivå i Chile, beståande av to kommunar (): Arica i den nordlege delen og Camarones i sør. Kystbyen Arica fungerer som provinshovudstad. Provinsen blir administrert av den presidentutnemnde regionale delegaten til Arica og Parinacota.

Kjelder

Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Arica Province» frå , den 3. mars 2024

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provinsar i Chile