mmHg, millimeter kvikksølv (òg kalla torr) er ein eining for måling av trykk. Han er ikkje ein del av SI-systemet. mmHg blir helst nytta i helsevesenet som eining for blodtrykk. Eininga kjem opphavleg frå kor mange millimeter kvikksølvet i eit barometer steig eller sokk i samband med variasjonar i lufttrykket.
1 mmHg svarar til 0,1333 kPa. Eininga torr er kalla opp etter Evangelista Torricelli.