Salar de Uyuni er verdas største saltørken med ei overflate på 10 582 km². Han ligg i departementet Potosí på 3650 moh. sørvest i Bolivia, og er ein del av høgsletta Altiplano.
På slutten den geologiske epoken pleistocen var Salar de Uyuni ein del av ein stor innsjø, Ballivián. I dag inneheld den uttørka innsjøen natriumklorid i krystallinsk tilstand, steinsalt, og det mjuke mineralet gips. Det vert årleg tatt ut under 25 000 tonn salt frå saltørkenen. Reservane kan vere på 10 milliardar tonn.
I regntida kan overflata i somme område vere dekt av vatn, opp til fleire desimeter djupt. Men frå slutten av juni til starten på regntida i starten av desember er sjøen tørr. Køyretøy kan då ferdast på Salar de Uyuni, med unnatak frå sølete strandsoner, og individuelle vassøyer.
Under salpeterkrigen var byen Uyuni ein garnisonby, i dag eit startpunkt for turistturar i området. Den mest kjente øya på Salar de Uyuni er Incahuasi ca 80 kilometer frå Uyuni.
Salar de Uyuni er eit viktig habitat og hekkeområde for alle tre artar flamingo i Sør-Amerika: chilensk flamingo, andesflamingo og punaflamingo.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Salar de Uyuni» frå , og «Salar de Uyuni» frå den 11. november 2006.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Boliviansk geografi Kategori:saltørkenar