mini|Kalkmåleri i Elmelunde kyrkje. mini|Kalkmåleri i Fanefjord kyrkje.
Elmelundemeisteren er ein ukjend kunstnar frå 1400-talet som var aktiv i 1480-åra. Han laga kalkmåleri i Elmelunde, Fanefjord og Keldby på Møn i søraustlege Danmark.Saxtorph, Niels M. (1986) Danmarks Kalkmalerier. Politikens forlag. s. 23-24
Skipet i dei tre kyrkjene fekk kvelvingar i gotisk stil på slutten av 1400-talet. Dei er ideelle til kalkmåleri med motiv frå Biblia Pauperum, som gjev att bibelhistorier frå rikt dekorerte mellomalderske blokkbøker frå både Det gamle og Det nye testamentet. Han har teikna av frå bibelillustrasjonar, og har difor gjenteke stavefeil og dårleg latin i fleire kyrkjer.Saxtorph, Niels M. (1986) Danmarks Kalkmalerier. Politikens forlag. s. 23-24
Ein kan kjenna kunstnaren på det karakteristiske emblemet hans som finst på eit eller fleire av kalkmåleria i alle dei tre kyrkjene. Verka hans er også særmerkte gjennom dei varme fargane som spenner frå mørkeraudt og raudbrunt til pastellnyansar av gult, grønt, grått og svart, og gjennom ansikta som har søvnige auge både i himmelen og i helvete. Mellom bibelscenane er det pynta med vinstokkar, blomar og greiner.Saxtorph, Niels M. (1986) Danmarks Kalkmalerier. Politikens forlag. s. 23-24
Etter reformasjonen i 1536 blei måleria kalka over. Dette har verna dei for ettertida, til dei blei gjenoppdaga i 1880-åra. Dei fyrste kalkmåleria blei oppdaga i Elmelunde kyrkje, som har gjeve namn til denne meisteren. Her måla han tre bumerke som ein også kan finna i Fanefjord og Keldby.Saxtorph, Niels M. (1986) Danmarks Kalkmalerier. Politikens forlag. s. 23-24 Kalkmåleria i Fanefjord kyrkje blir rekna som dei mest interessante.
Elmelundemeisteren, eller skulen hans, blir tilskriven kalkmåleria i Tingsted, Nørre Alslev og Aastrup kyrkje på naboøya Falster og i Kettinge kyrkje på Lolland.Saxtorph, Niels M. (1986) Danmarks Kalkmalerier. Politikens forlag. s. 23-24
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elmelundemesteren» frå , den 23. juli 2024.
Kategori:Danske målarar Kategori:Kunstnarar frå 1400-talet