Sundts varemagasin ligg på Torgallmenningen 14 i sentrum i Bergen. Bygningen er teikna av arkitekten Per Grieg, og stormagasinet opna 18. juli 1938. 50 år seinare, i 1988, blei bygningen freda, som følgje av at kulturminnet var truga av påbygging i høgda. Det som er bevart av det opprhavlege interiøret inngår også i fredinga. Sundt varemagasin blir rekna som eit av hovudverka innan funksjonalismen i Noreg. I 1961 blei arkitekten tildelt Houens fonds diplom for bygningen. Bygningen er i dag eigd av DNB Næringseiendom AS.

I perioden 2022–24 skal heile bygningen gjennomgå ein rehabilitering, på grunn av rustskader på armeringsjarnet. Bygningen er heilt stengd medan utbetringa pågår. thumb|Sundt, funksjonalistisk stormagasin frå 1938. Arkitekt .

Historie Den 14. januar 1845 opna (1816–1901) ein manufaktur- og kortevarehandel i 8. rode, nr. 26, seinare i Bergen. Strandgaten var den gongen ei livleg handelsgate.

I 1885 blei nabobygningen kjøpt og båe bygningane rivne, for å gje plass til eit nybygg. Det nye forretningslokalet stod ferdig 7. desember 1885. Bygningen hadde ein stor og praktfull fasade rik på stukkatur og ornamentikk med sterke profilar og ein gesims øvst. Arkitekt var . Den 27. februar 1888 tok det fyr i sentralvarmeanlegget, og heile bygget blei øydelagt.

Ved juletider i 1889 stod ein ny bygning i murstein med store ferdig på tomta. Bygningen var teikna av den tyske arkitekten . Varemagasinet blei samanlikna med Printemps og Bon Marché i Paris.

På 1930-talet kom tanken om å flytte handelsverksemda, og sommaren 1936 blei Torgallmenningen 14, 16 og 18 kjøpte inn. Den nye eigedomen hadde eit byggeareal på 1 200 kvm, og gav moglegskap for en samanhengande fasade på hundre meter mot tre gater. Hovudfasaden fekk ein monumental verknad mot den breie opne Torgallmenningen.

Tomta stod ledig etter ,Gard Setsaas: «Et handelspalass med nederlandske aner», Finansavisen 31. mars 2023 og låg utanfor grensene for fasadeplanen til for Torgallmenningen. Dimed stod direktøren for Sundt, Arthur H. Norill, nokså fritt med sitt ønskje om at nybygget skulle bryte med resten av plassen, noko mange var ytst skeptiske til.Eva Røyrane og Jan Nyberg: «Sundt», Grind 10. oktober 2018

Bygningen Arkitekt Per Grieg blei engasjert, og same år la han og direktør Norill ut på ei utstrekt studiereise rundt i Europa. Grieg hadde festa seg ved den nederlandske arkitekten (1884–1974), og i Rotterdam låg eitt av dei mest moderne varehusa i Europa – (‘bikuben’Bijenkorf = «bikube») av Dudok, opna i 1930 som eit tidleg eksempel på funksjonalisme.Dudok: De Bijenkorf Fasaden bestod for det meste av glas som slapp inn ljos på dagtid, medan det på kveldstid sjølv slapp ut ljos.De Bijenkorf i kveldsmørke Det heile var krona med eit slankt tårn toppa av ei lampe. Norill skal ha hylla De Bijenkorf som «det overlegent best løste, moderne magasin i Europa i dag».Gard Setsaas: «Et handelspalass med nederlandske aner», Finansavisen 31. mars 2023

Hausten 1936 låg det i store trekk føre planar for den nye bygningen i Bergen. Den nye storbutikken skulle førast opp av jarnbetong og glas i seks etasjar, pluss ein stor underetasje som skulle byggjast ut under fortauet. Byggjeprosessen blei dokumentert med fotografi tekne av (1891-1984)«Olsen, Einar Helmers», Merkantilt biografisk leksikon som var utdanna i Dresden med spesialisering innanfor armert betong. Byggjemelding blei sendt inn i 1936, og i januar 1937 blei det søkt om å få støype kjeller. Halvanna år seinare opna varehuset, kvilande på eit skjelett av runde berande søyler slik at veggene var utan berande funksjon, og dimed kunne brytast opp med lange horisontale vindaugsband og store opne rom innvendig.«Sundt - fra byggeplass til ikon», Bergens Tidende 11. mars 2023 Ein virkeleg var rulletrappa, berre eitt år etter at Steen og Strøm installerte den fyrste rulletrappa i Noreg, i Oslo.Norges første rulletrapp, Steen og Strøm i Oslo

Tyngdepunktet i fasaden blei hjørnet mot Starvhusgaten som strekte fram av byggjelinja, og var synleg på lang lei med sin 40 meters høge skorstein, forma som ei søyle krona av ein 3,5 meter høg skulptur i bronse av handelsguden Merkur, utført av bilethoggar .«Sundt varehus», Bergen byleksikon thumb|right|De Bijenkorf i Rotterdam, 1935, teikna av arkitekten Willem Dudok. På Starvhushjørnet, Torgallmenningen og Ole Bulls plass fekk bygningen tre romslege inngangsparti med svingdører. Rulletrapp, hurtiggåande personheisar med førar og makelege trappegangar sørga for kommunikasjonen. Byggjekonstruksjon og innreiing slapp inn eit maksimum av dagsljos for å sikre ei naturlig fargevurdering og skaffe tilsette og publikum moderne oversiktlege ekspedisjonsforhold. Den saklege arkitekturen og dei kontinuerlege bandvindauga på fasadane skulle gje uttrykk for den spesielle funksjonen og særmerke til bygningen, og danne eit gjennombrot i bergensk forretningsarkitektur.

var i teak, medan golva var dekte med , eit naturmateriale ofte forveksla med ; men ingenting av denne opphavlege innreiinga er bevart. Slik skildra Bergens Tidende nybygget ved opninga i juli 1938: «Foruten en vanlig kassedisk, vil der også bli anledning til å bli ekspedert på no time fordi der er ikke mindre enn seks andre steder hvor en kan få gjøre opp uten å gå til hovedkassen», i varehuset avisa skildra som «en liten verden for sig selv». På 1980-talet ville eigarane byggje på nok ein etasje og gjere om femte og sjette etasje til kontor. I staden vedtok Riksantikvaren i 1990 å frede bygget.

Førebiletet De Bijenkorf blei svært skada under 14. mai 1940.Lysbyen og De Bijenkorf Den attverande delen dreiv vidare, men blei i 1956 rive fordi han ikkje passa inn i den vidare byreguleringa.De Bijenkorf

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sundt varemagasin» frå , den 25. september 2024.

Litteratur Amundsen, Roald, Simonæs, Olav; Manufakturfirmaet Sundt gjennom 100 år, Bergen 1945 Arnesen, Odd, Kielland, Anton M; Bergens forretningsstrøk før og nu, Bergen 1928.

Bakgrunnsstoff Bergen byleksikon på nett, om Sundt, Varehuset Bergen byleksikon på nett, om Sundt & Co. A/S Grieg arkitekter Riksantikvaren Kunsthistorie.com BT: Moderne 70-åring Dagbladet – Funksjonell handel

Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Bergensk historie Kategori:Kjøpesenter i Vestland Kategori:Bergenhus Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Per Grieg