Altenberg er ein by og ein kommune i landkrinsen Sächsische Schweiz-Osterzgebirge i Sachsen i Tyskland. Kommunen har i kring 7 900 ibuarar og dekker 145,9 km² vidde. Byen ligg 750 meter over havet, 32 kilometer sør for Dresden. Kommunen grensar i sør mot Tsjekkia.
Altenberg er ein kjend vintersportstad. Verdsmeisterskapen i skiskyting 1967 vart avvikla i Altenberg. Det norske stafettlaget, beståande av Jon Istad, Ragnar Tveiten, Ola Wærhaug og Olav Jordet, vann tevlinga.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Altenberg (Erzgebirge)» frå , den 10. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Sachsen Kategori:Kommunar i Sachsen