Med kristen teologi meiner ein både studiet av teologi ut frå ein kristen synsvinkel og studiet av kristendommen med ein teologisk metode. Den kristne teologien var særskild viktig i det før-moderne Europa, og påverka samfunnet i stor grad, samstundes som han i seg sjølv spegla dette samfunnet.

Inndeling

Teologien kan delast inn på ulike måtar. Det er mellom anna vanleg å organisera han etter dei tre oldkyrkjelege truvedkjenningane i ein treledda struktur: Gud Fader, Jesus Kristus, den heilage anden.

1. artikkel Trinitet/treeininga Guds vesen Skapinga/Creatio ex nihilo Hamartiologi/synd Creatio continua/providentia 2. artikkel Jesus Kristus/kristologi Guds rike Soning Forsoning 3. artikkel Den heilage anden Ekklesiologi Økumenikk Sakrament/dåp/nattverd Liturgi Eskatologi

Disiplinar Kristen teologi blir gjerne delt inn i ei rekke disiplinar. Det varierer mellom ulike kyrkjesamfunn kva område dei legg mest vekt på.

Angelologi – studiet av skapte, andelege vesen, som englar, demonar og Djevelen. Antropologi – studiet av menneskja, i samband med teologien sett i høve til det guddommelege Bibliologi – studiet av sjølve Bibelen og den inspirerte bakgrunnen for han Ekklesiologi – studiet av kyrkja, særleg sambandet hennar til Gud, og strukturen hennar Eskatologi – studiet av dei siste ting, universelt (endetida) og individuelt (døden og det neste livet) Hagiologi – studiet av helgenar Hamartiologi – studiet av synd Kristologi – studiet av Jesus Kristus og hans natur Mariologi – studiet av Jomfru Maria Pneumatologi – studiet av den heilage anden Soteriologi – studiet av frelse Theodiké – studiet av vondskapens natur Teologi – studiet av Gud

Metodar

Dei vanlegaste metodane som blir brukt er:

Kristen apologetikk – studiet av kristen teologi i høve til andre verdssyn med det for auget å legga fram forsvar for kristen tru og å utfordra andre si tru Bibelsk hermeneutikk – studie av teologi gjennom Bibelen ut frå eit førehandsbestemt sett med reglar eller prinsipp for tolking Bibelsk teologi – studie av teologi slik han blir presentert og utvikla gjennom Bibelen, med særskilt fokus på progressiv openberring Dogmatisk teologi – studie av dogmatisk lære slik ho har utvikla seg i ulike kyrkjesamfunn Konstruktiv teologi – ei postmodernistisk tilnærming til systematisk teologi, der ein bruker for eksempel feministisk teori, dekonstruksjonisme og hermeneutikk på teologiske emne Historisk teologi – studie av teologi slik han har utvikla seg gjennom historia Narrativ teologi – studie av ein forteljande presentasjon av trua framfor den dogmatiske presentasjonen Pragmatisk teologi (eller praktisk teologi) – studiet av teologi i høve til det å verka som prest/forkynnar Systematisk teologi – emnebaserte studie

Teologiske retningar Fremgangsteologi Frigjeringsteologi Patristikk Skriftprinsippet/Sola scriptura Openberring

Kjelder Bokmålswikipedia: Teologi og kristen teologi Engelsk Wikipedia: Christian theology

Kategori:Teologi