Kamrotter (Ctenomys) er ei gruppe neotropiske gnagarar i familien Ctenomyidae som lever i Sør-Amerika. Kamrottene tilhøyrer den einaste nolevande slekta i familien, Ctenomys, som inkluderer omtrent 60 ulike artar. På spansk og andre språk blir desse artane kalla «tuco-tuco» etter lætet dei lagar når dei grev gangane sine. Det norske namnet er etter ei rad av stive hårbørstar mellom tærne.

Forholdet mellom artane er omdiskutert blant taksonomar. Det har vorte skildra som ein tilstand av «taksonomisk kaos». Deira næraste slektningar finst i familien trompetrotter. Alle artane av kamrotter finst i Sør-Amerika, frå Peru og sentrale Brasil og sørover. Kamrottene i Sør-Amerika har ei økologisk rolle som svarer til kinnposerotter i Nord-Amerika.

Anatomi Kamrotter har tungt bygde sylindriske kroppar med korte bein, og pelsen deira varierer i farge frå svart til lys grå. Huda er løyst festa, noko som mogleggjer rørsle i tunnelane dei grev. Dei har lange framføter til graving og børsteliknande bakføter til pleie. Hovuda deira er store, øyra små, og halane hårete. Kroppslengda varierer i området 15–25 cm, og dei kan vege frå så lite som 100 gram (C. pundti) til over 1 kg (C. conover).

Utbreiing og habitat Medlemmer av slekta Ctenomys er vidt utbreidde, men over 50 av artane finst i den sørlege halvleiken av Sør-Amerika. Dei finst i mange område frå den sørlege delen av Peru og Brasil til Tierra del Fuego lengst sør i Sør-Amerika, gjennom delar av Chile og mesteparten av Uruguay, Paraguay, Bolivia og Argentina. Habitata deira inkluderer kystgrassletter og fjellskråningar, inkludert puna økoregion i Andes på over 4000 meter. Utbreiinga deira avheng av faktorar som jordtype, temperatur og primærproduktivitet. Den einaste overlappande utbreiinga innan slekta finst mellom C. australis og C. talarum i eit kystdyneområde.

Kamrotter lever i gravne gangar og gjennomfører mesteparten av livet, opptil 90 %, under bakken. Det blir anslått at dei utgjer omtrent 45 % av alle underjordiske gnagarar i verda. Jordholene deira held ein jamn temperatur og jamnt fuktnivå, uavhengig av den geografiske regionen. For å grave har dei mange morfologiske tilpassingar, som forma til kroppen, reduserte auge og sterke lemmer. Luktesansen deira er velutvikla og hjelper dei med å orientere seg medan dei grev og etablerer territorium. Dei bruker to metodar for graving: kloskraping og hovudskalle- tanngraving, ofte ein kombinasjon av begge. Dei er dagaktive og vekslar mellom periodar med aktivitet og kvile gjennom dagen.

Føde Dei finn mat ved å grave gangar. På grunn av dei høge energikostnadene ved å leite etter mat, har dei ein brei diett.

Menneskeleg påverknad Artene i denne slekta er utsett for predasjon frå menneske, då dei blir rekna som landbruksskadedyr.

Før europeisk busetjing var kamrotter ei viktig matkjelde i Tierra del Fuego for urfolk i regionen.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen er byggjer på «Tuco-tuco» frå , den 30. desember 2024

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dyr i Sør-Amerika