Paititi er ein legendarisk tapt inkaby eller eit utopisk rikt land. Han skal ligga aust for Andes, skjult ein stad i dei fjerne regnskogane i Søraust-Peru, Nord-Bolivia eller Nordvest-Brasil. Soga om Paititi i Peru dreier seg om kulturhelten Inkarri som skal ha trekt seg tilbake mot junglane i Pantiacolla etter at han hadde grunnlagt Q'ero og Cusco for å leva resten av dagane sine i fred i byen Paititi. Andre versjonar av soga førestiller seg Paititi som ein inka-tilfluktsstad i grenseområdet mellom Bolivia og Brasil.

Sjå også

El Dorado

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Paititi» frå , den 6. februar 2025.

Kategori:Søramerikansk historie Kategori:Mytologiske stader