Samsaya Sampda Sharma () er ein indisk-norsk songar og skodespelar.
Oppvekst Samsaya vart fødd i Hamirpur i Nord-India. Frå ho var elleve månader voks ho opp på Ellingsrud i Oslo. I fleire år spelte ho fotball for Ellingsrud Idrettslag (EIL).
Ho vart tidleg interessert i hiphop og høyrde på mellom anna Public Enemy. Som 19-åring var Samsaya med i Ungdommens Kulturmønstring med det dåverande bandet sitt. Bandet deltok også på NM i rock, der dei kom på andreplass, sjølv om dei eigentleg spelte R'n'B-pop.
Karriere
Artist I 2004 vart albumet Shedding Skin gitt ut. Under Alarmprisen 2005 vart ho nominert i klassen årets nykommar. Samsayas første single, «Change», kom ut i august 2008.
Låten hennar «Dodge it» vart brukt i den prislønte filmen The Wrestler frå 2008.
Skodespelar Samsaya har vore skodespelar i grøssaren Villmark og i Varg Veum-filmen Begravde hunder. Ho hadde også ei rolle i adventskalenderen Jul i svingen.
Programleiar og deltakar i realityprogram Samsaya har vore med i fleire ulike program i norsk TV og radio. I 2008 var ho VJ på musikkanalen The Voice TV, der ho leidde det populære programmet Topp 10.
I 2009 var ho med i TV-programma Det store korslaget, 4-stjerners middag halv åtte på TVNorge og Zebra Grand Prix på TV2.
Samsaya har også vore programleiar i den norske utgåva av musikk-konkurransen <i id="mwTQ">The Voice</i>. I 2010 var ho med på 4-stjerners reise. I 2014 var ho med på musikkprogrammet Hver gang vi møtes.
Eige plateselskap I 2010 skipa Samsaya plateselskapet 3 Millimeter i Oslo.
Privatliv Sommaren 2013 vart Samsaysa gift med den svenske musikaren Andreas Grega.
Diskografi ÅrTittelNotar2014Stereotype Singel2012Breaking Bad Singel2009ADHD Singel2009Money Singel2008Change Singel2008Dodge it (Nelson/Samsaya) Soundtrack frå The Wrestler2007Special Blend (Prayon)Gitt ut av Levi's Norway2004Shedding SkinAlbum2003Feel What I Feel - Oslo Fluid feat. SamsayaSingel
Utvald filmografi ÅrTittelTypeKarakter2008Varg Veum – Begravde hunder Film (norsk)Alex2006Jul i Svingen Barne-TV, julekalenderserie (norsk)Dyrlege2005Hawaii, Oslo Film (norsk)2003Villmark Film (norsk, thriller)Sara2002Folk flest bor i KinaFilm (norsk)Gunn – Segment 'RV'
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Samsaya Sampda Sharma» frå , den 27. mars 2025.
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske songarar Kategori:Fødde i 1979 Kategori:Fødde den 3. november