mini|Victory Arch i Newport News

Newport News er ein by søraust i delstaten Virginia i USA med 186 000 ibuarar. 

Mesteparten av dagens Newport News var ein gong del av Warwick County, eit av dei åtte distrikta som i 1634 vart oppretta i den britiske kolonien Virginia, etter ordre frå kong Karl I av England. Fram til 1881 var Newport News et område med plantasjar og ein fiskarlandsby. Dei to siste tiåra av det 19. hundreåret vart det bygt jarnbane for å frakte kol frå West Virginia til utskiping. Eit stort skipsverft syrgde for å utvide trafikken langs kysten og på havet.

Mange er i dag sysselsett ved Newport News Shipbuilding og den USA-amerikanske luftvåpen og hær-basen Joint Base Langley-Eustis. I lag med andre militærbasar og leverandørar til desse, er økonomien i byen sterkt knytt til militæret.

Songaren Ella Fitzgerald var fødd i Newport News.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Newport News, Virginia» frå , den 20. april 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Virginia