Phaethornis er ei biologisk slekt av mangfoldige «eremittar» i kolibrifamilien. Slekta omfattar artar som er heimehøyrande i tropiske område av Amerika, neotropane, med utbreiingsområde frå vest i Mexico, gjennom Mellom-Amerika og Sør-Amerika til søraust i Brasil, Paraguay og ekstremt nordlegste Argentina. Phaethornis er ein del av underfamilien Phaethornithinae kjent under det vanlege namnet «eremittar». Det finst per 2025 klassifisert 27 artar i slekta, og Phaethornis er med det den mest artsrike slekta i kolibrifamilien.
Det vitskaplege slektsnamnet Phaethornis kjem frå gresk: phaethōn som tyder «sol», og ornis som tyder «fugl».
Skildring
Eremittane i denne slekta er ein mangfaldig gruppe kolibriar som måler mellom 8 og 17,5 cm i lengd. Dei er kjenneteikna ved det lange, bogeforma nebbet, ei mørkgrå til svartaktig krone og maskering, innramma av ei lys augebrynslinje og ein lys eller bleik strupekant. Dei har ofte stjertfjør (timonerar) som minner om ei trapp, med kvite spissar. Hos nokre artar er det midterste stjertparet mykje lengre enn dei andre, medan det hos andre berre er moderat forlenga og dannar ei kileform.
Dei har overvegande grålege fargar, med nyansar av brunt, grønt og rustraudt, og fleire artar har mørkegrøne eller bronsefarga, iriserande overside – sjølv om desse fargane er mindre framtredande enn hos mange andre kolibriar. Hannen og hoa har svært lik fjørdrakt, med ulikskapar berre i form av nebb, stjert og fargesterkheit. Ingen artar i denne slekta viser sterk kjønnsdimorfisme slik ein ofte finn hos kolibriar.
Habitatet til dei fleste Phaethornis-eremittane er avgrensa til underskogen og kantsonene i skog, eller sekundær vegetasjon, men nokre artar føretrekk opnare område.
Mange av artane dannar leik, det vil seie samlingsplassar der hannar stiller ut for å trekkje til seg hoer som kjem for å velja partnar. Hannane i denne slekta er generelt mindre aggressive enn andre hann-kolibriar, sjølv om både hanner og hoer forsvarar revir.
Fleire av artane er knytte til Heliconia-planter, men dei brukar òg andre nektarkjelder, som blomar frå Centropogon, Passiflora, Costus og fleire. I mindre grad fangar dei òg små leddyr. Det lange, bogeforma nebbet som er typisk for dei fleste i gruppa, er ein tilpassing til visse blomstrar.
Artar og status Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert 26 av dei 27 artane artane som livskraftige (LC). Ein art, tapajoseremitt som er endemisk for delstaten Pará i Brasil, er vurdert som sårbar (VU).
Artsoversyn Slekt Phaethornis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Autor Utbreiing140pxSmusseremittPhaethornis squalidus(), 182280px140pxStrekstrupeeremittPhaethornis rupurumii, 189280px140pxSmåeremittPhaethornis longuemareus(), 183280px140pxTapajoseremittPhaethornis aethopygus, 195080px140pxDvergeremittPhaethornis idaliae(), 185680px140pxKanelstrupeeremittPhaethornis nattereri, 188780px140pxMørkstrupeeremittPhaethornis atrimentalis, 185880px140pxStripestrupeeremittPhaethornis striigularis(), 185480px140pxGråstrupeeremittPhaethornis griseogularis(), 185180px140pxRusteremittPhaethornis ruber(), 185880px140pxAymaraeremittPhaethornis stuarti80px140pxOkerbukeremittPhaethornis subochraceus80px140pxSotkroneeremittPhaethornis augusti80px140pxPlanaltoeremittPhaethornis pretrei80px140pxSkjelstrupeeremittPhaethornis eurynome80px140pxLysbukeremittPhaethornis anthophilus(), 1843100px140pxKvitskjeggeremittPhaethornis hispidus(), 184680px140pxKårdeeremittPhaethornis yaruqui(), 185180px140pxGrøneremittPhaethornis guy(), 1833100px140pxSjaketteremittPhaethornis syrmatophorus, 185180px140pxInkaeremittPhaethornis koepckeae, 197780px140pxNåleremittPhaethornis philippii(), 184780px140pxFloretteremittPhaethornis bourcieri(), 183280px140pxMexicoeremittPhaethornis mexicanus, 1897100px140pxLangnebberemittPhaethornis longirostris(), 1843120px140pxStjerteremittPhaethornis superciliosus(), 176680px140pxStornebberemittPhaethornis malaris(), 183580px
Kjelder
Første versjon av denne artikkelen var basert på «Phaethornis» frå , den 10. juni 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen Kategori:Fugleslekter