Obelisk ( † ), òg kjend som ein kross eller frå engelsk dagger, er eit teikn som blir brukt i typografi og nokre andre samanhengar. Det finst òg ein dobbel obelisk ( ‡ ).
Utsjånader Obelisk og dobbelt obelisk i stiliserede og ikke-stiliserede fonte.
Bruk i fotnotar Obelisken blir brukt i typografi til å setja inn fotnotar, slik som ein asterisk nokre gangar blir brukt. Obelisken blir vanlegvis brukt som ein sekundær fotnote der asterisken er den primære. Til dømes i ein tabell: Fiktiv tabellLandsdelBefolkningSjælland1.500.000Fyn*500.000Jylland*3.500.000Bornholm200.000Andre øyar†100.000 Her kan dei to typar fotnotane seinare bli forklart som:
*Seinast funne i 2004 †Seinast funne i 2003
Etterfølgjande fotnotar kunne så visast med andre teikn. Valet av desse varierer mykje frå tekst til tekst, og mange av dei er svært spesielle og finst ikkje i mange teiknsett i dag. Derfor bruker ein oftare romartal eller arabiske tal som små, heva tal ved linjene i staden for desse spesielle teikna, til dømes ².
I biografiar Sidan teiknet kan førestilla den kristne krossen, ser ein det ofte brukt i biografiar (og på gravstene og i nekrologar) før dødsåret til ein person (og asterisk brukt før fødselsåret):
H.C. Andersen (*2. april 1805 — †4. august 1875) var en dansk forfatter...
I reiseplanar I mange europeiske ruteplanar blir obelisken nytta for avgangar eller ankomster for å visa at denne berre gjeld for sundagar og helgedagar.
I informatikk Verken obelisk eller dobbelt obelisk finst i ASCII-teiknsetet, men dei finst i Unicode. †DaggerU+2020†††‡Double daggerU+2021‡‡‡
I fiksjon I teikneserien Asterix har dei to hovudpersonane, Asterix og Obelix, namn som ein satirisk stavemåte av dei to teikna asterisk og obelisk.
I matematikk I matematikk, særleg (matematisk) fysikk, blir teiknet av og til brukt i staden for asterisk for å angje hermitisk konjugering (adjungering) av matriser eller operatorar.
I sjakk Obelisk og dobbelt obelisk blir ofte nytta i notering av utfall av sjakkspel. Obelisk betyr at motparten er sett i sjakk. Dobbeltobelisk blir skrive når ein spelar har sett han annan part sjakkmattt, og dermed vunne partiet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Obelisk (typografi)» frå , den 9. september 2025.
Kategori:Typografi