João I av Kongo (død ), òg kjend som Nzinga a Nkuwu eller Nkuwu Nzinga, var konge over Kongoriket frå 1470 til 1506. Han lét seg døypa og tok det kristne namnet João den 3. mai 1491 under påverknad frå portugisiske misjonærar, og bygde opp eit omfattande rike ved hjelp av europeiske våpen.Oliver, Roland and Anthony Atmore: "Medieval Africa, 1250–1800", s 170. Cambridge University Press, 2001
Bakgrunn King Nzinga-a-Nkuwu var den femte herskaren av Kongo.Oliver, Roland and Anthony Atmore: "Medieval Africa, 1250–1800", page 167. Cambridge University Press, 2001. Han var gift med syskenbarnet sitt, dronning Nzinga a Nlaza.Thornton, John: "Elite Women in the Kingdom of Kongo: Historical Perspectives on Women's Political Power", page 442. The Journal of African History, Vol. 47, 2006. Dei fekk sonen Nzinga Mbemba, seinare kjend som Afonso I av Kongo. Ho hjelpte sonen med å bli herskar over Kongo etter at ektemannen døydde. Under Nzinga a Nkuwu si regjeringstid voks Kongo til eit rike på 100 000 km² med eit svært sentralisrtrstyre.Thornton, John: "Elite Women in the Kingdom of Kongo: Historical Perspectives on Women's Political Power", page 438. The Journal of African History, Vol. 47, 2006.
Portugisarane kjem I 1483 kom ein portugisisk karavell med Diogo Cão som kaptein til Kongo-estuaret og fekk kontakt med undersåttane til kongen av Kongo.Oliver, Roland and Anthony Atmore: "Medieval Africa, 1250–1800", page 168. Cambridge University Press, 2001. Portugisarane blei tekne vel imot i Kongo. Dei tilbaud kongen mange gåver, og var med på ein festival før dei vende tilbake til Lisboa. Cão segla tilbake til Portugal med ei gruppe sendebod frå Kongo. Etter at dei kom til Lisboa blei sendeboda døypte og sende til eit kloster før dei vende tilbake til kongen i 1491.Oliver, Roland and Anthony Atmore: "Medieval Africa, 1250–1800", page 169. Cambridge University Press, 2001.
mini|Gravering frå 1700-taket av dåpen til Nzinga a Nkuwu. 3. mai 1491 blei kongen av Kongo og familien hans døypte.Oliver, Roland and Anthony Atmore: "Medieval Africa, 1250–1800", page 170. Cambridge University Press, 2001. Kongefamilien tok namn etter dei portugisiske motpartane sine, som João etter Johan II av Portugal, Leonor (eller Leanor) etter kona hans og Afonso etter arveprinsen.Hilton, Anne: "Family and Kinship among the Kongo South of the Zaire River from the Sixteenth to the Nineteenth Centuries", page 197. The Journal of African History, Vol. 24, No. 2, 1983. Tusen undersåttar fekk i oppdrag å hjelpa portugisarar å byggja i kyrkje. Samstundes gjekk portugisiske soldatar med kongen på eit hærtog for å forsvara provinsen Nsundi frå bateke-raid. Europeiske skytevåpen hadde ei viktig rolle i sigeren hans, og det blei teke mange fangar.
Dei fleste portugisarane drog seinare heim med slavar og elfenbein, men let etter seg prestar og handverkarar. Etter dei kulturelle kveitebrødsdagane viste kongen si kristne tru seg å vera kortliva. Han døydde i 1509 og blei etterfølgd av sonen Afonso I.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «João I of Kongo» frå , den 11. oktober 2025. Denne artikkelen bygger på «João I av Kongo» frå , den 11. oktober 2025.
Kategori:Kongar av Kongo