mini|Skirne og Gjerd i ein illustrasjon av Lorenz Frølich frå 1895. Skirnesmål (norrønt Skírnismál) er eit kvad frå den eldre Edda. Diktet handlar om korleis guden Frøy snik seg til å sitja på hovdingsetet Lidskjalv og får auge på jotundottera Gjerd. Sjuk av lengt sender han felagen sin Skirne på friarferd til Gjerd i Jotunheimen.

Skirne prøver først å lokka henne, men trugar henne sidan til å gifta seg med Frøy, og til sist gjev Gjerd etter. Diktet endar med at vennen kjem tilbake frå ferda med denne glade bodskapen, men Frøy tek det tungt: Han må framleis venta fleire dagar på den vene jenta.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Skirnesmål frå www.heimskringla.no på nynorsk Skírnismál frå www.heimskringla.no på norrønt Skirnismál på nynorsk Kvadet på svensk frå runeberg.org

Bibliografi Carolyne Larrington, "What Does Woman Want? Mær and munr in Skírnismál," Alvíssmál 1 (1992): 3–16. Heinz Klingenberg, "För Skírnis: Brautwerbungsfahrt eines Werbungshelfers," Alvíssmál 6 (1996): 21–62 (English summary, pp. 59–62). Anatoly Liberman, Review of Klaus von See et al., "Skírnismál": Modell eines Edda-Kommentars, Alvíssmál 6 (1996): 114–18. Anne Heinrichs, "Der liebeskranke Freyr, euhemeristisch entmythisiert," Alvíssmál 7 (1997): 3–36 (English summary, p. 36).

Kategori:Eddadikt