«Run with U» er ein song av det aserbajdsjanske rockebandet Mamagama. Songen blei gjeven ut 19. februar 2025, og er skriven av Hasan «KHVS» Heydar, Roman Zee og Safael Mishiyev. Songen var det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2025. Lydbiletet til songen har blitt samanlikna med Daft Punk og Chic.
Eurovision Song Contest 2025 Intern utveljing Den aserbajdsjanske kringkastaren for Eurovision Song Contest, (İTV), kunngjorde offisielt 3. august 2024 at dei ville delta i Eurovision Song Contest 2025. Dagen etter, 4. august, kunngjorde İTV at både artist og song ville bli valde internt. I samband med dette blei artister og låtskrivarar, uavhengig av nasjonalitet, oppfordra til å sende inn søknadar og bidrag innan 15. september 2024. Den 4. februar 2025 blei det offentleggjort at bandet Mamagama skulle representere Aserbajdsjan. Valet blei gjort av ein jury beståande av både nasjonale og internasjonale ekspertar frå musikkbransjen. Deira konkurranselåt «Run with U» blei gjeven ut 19. februar 2025.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 vart Aserbajdsjan trekt ut til å delta i den første semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet. I semifinalen enda dei på 15. plass av 15 bidrag med 7 poeng – det dårlegaste resultatet Aserbajdsjan har fått i Eurovision Song Contest.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Run with U» frå , den 2. desember 2025.
Kategori:Aserbajdsjanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025