Claude Kiambe (), kjend mononymt som Claude, er ein kongolesiskfødd nederlandsk songar og låtskrivar. Debutsingelen hans «Ladada (Mon dernier mot)» toppa den nederlandske singellista i 2022, og vart følgd av fire andre listeplasserte singlar. Debutalbumet hans, Parler français, kom ut i 2024. Han representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2025 med songen «C’est la vie».

Bakgrunn Kiambe vart fødd 16. september 2003 i Boma i Den demokratiske republikken Kongo. Mora hans flykta saman med han og syskena hans til Nederland då han var ni år gammal. Familien budde først i eit asylmottak i Alkmaar, før dei flytta til Enkhuizen, der Kiambe tok HAVO-vitnemål (vidaregåande skule). Han byrja seinare på studiar i hotelleiing, men avslutta dei før han var ferdig. Han snakkar nederlandsk, fransk og engelsk.

Karriere I 2019 deltok Kiambe i den åttande sesongen av The Voice Kids, der han vart slått ut i duellrunden. Året etter vann han talentshowet Are You Next? og fekk platekontrakt med Cloud 9 Records.

Kiambe gav ut debutsingelen «Ladada (Mon dernier mot)» i 2022, som nådde toppen av den nederlandske Top 40-lista. Songen gav han fleire prisar, mellom anna 3FM Award for «beste nykomar» og «Qmusic Artist of the Year». Han har nemnt Stromae og Lewis Capaldi som viktige inspirasjonskjelder for musikken sin. Han skulle eigentleg vere oppvarmingsartist for Stromae sine konsertar i Ziggo Dome i 2023, men desse vart avlyste grunna Stromae sine helseproblem.

Den 19. desember 2024 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Kiambe skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2025. Bidraget hans, «C’est la vie», vart gjeve ut 27. februar 2025. I Eurovision Song Contest enda han på 12. plass i finalen av 26 bidrag.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Claude Kiambe» frå , den 9. desember 2025.

Kategori:Nederlandske songarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar