Kolvåk (Buteogallus anthracinus) er ein rovfugl i familien våkar (Accipitridae), som også omfattar ørner, haukar og gribbar.

Skildring venstre|mini|Kolvåk nær Punta Uva-stranda i Costa Rica. Ein vaksen kolvåk blir 43-53 cm lang og veg i gjennomsnitt 930 g. Han har svært breie venger, og er hovudsakleg svart eller mørkegrå på farge. Den korte stjerten er svart med eit breitt kvitt band og ein kvit tipp. Nebbet er svart og føtene og cere (vokshuda på overnebbet) er gule. Dei vaksne fuglane liknar bandhalevåk, men har færre kvite striper på halen og er større.

Kjønna er like, men umogne fugla er mørkebrune på oversida og har flekkar og strekar. Undersida er gulbrun til kvit med mørke flekkar, og halen har ei rekkje svarte og kvite strekar.

Underartar Arten omfatta tidlegare koksvåk (Buteogallus gundlachii) som ein underart. Mangrovevåk, som tradisjonelt blei rekna som ein eigen art, blir no generelt sett rekna som ein underart, B. a. subtilis, av kolvåk.

Utbreiing og habitat Kolvåk hekker i dei varmere delane av Amerika, frå Sørvest-USA gjennom Sentral-Amerika til Venezuela, Peru, Trinidad og Dei små Antillane. Han held hovudsakleg til i kystområde, i mangrover, estuar og nærliggande tørre opne skogområde, men det finst òg grupper av fuglane i innlandet, mellom anna ein trekkande populasjon i nordvestlege Mexico og Arizona.

Åtferd

Formeiring Fuglane byggjer eit plattformreir av greiner 4 til 30 meter over bakken i eit tre, ofte i mangrover. Reira blir ofte brukt opp att og har tendens til å veksa. Våken legg eitt til tre egg (vanlegvis eitt) som er kvitlege med brune merke.

Kolvåk har kryssa seg naturleg med raudvengvåk (Buteo lineatus) i Sonoma County i California. Denne naturlege hybridiseringa mellom ulike haukeslekter er sjeldan.

Føde Våken livnærer seg hovudsakleg på krabbar (særleg landkrabbar) og kreps, men tar òg små virveldyr (som fisk, froskar, skjelpadder, øgler, ormar og små, unge eller skadde fuglar og pattedyr), åtsel (i form av døde fiskar) og egg. Kolvåken supplerer òg dietten med ei rekkje ulike insekt, inkludert grasshopper, larvar og veps.

Status og vern Kolvåk er verna i nord av leveområdet sitt (i USA) etter Migratory Bird Treaty Act av 1918.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Common black hawk» frå , den 25. januar 2026.

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fuglar i Venezuela Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Mellom-Amerika Kategori:Fuglar i Trinidad og Tobago Kategori:Fuglar i USA