Karl Johan Granath () er ein svensk tidlegare skeiseløpar frå Köping. Han vart i 1976 verdsmeister i sprint-firkamp.
Aktiv Granath deltok frå 1971 i over ti verdsmeisterskap i sprint-firkamp. I den fyrste meisterskapen vart han sjuandemann. Sesongane 1972-75 kom han mellom dei åtte beste i samtlege sprint-verdsmeisterskap, utan å nå opp til dei aller beste. Høgdepunktet kom då han under dramatiske omstende steig til topps under Skeise-VM 1976 i sprint-firkamp i Vest-Berlin. Nederlendaren Jos Valentijn leia klart før den avsluttande 1000-meteren, men tjuvstarta tre gongar og vart diskvalifisert. To år seinare vann Granath bronsemedaljen ved Skeise-VM 1978 i sprint-firkamp, der Eric Heiden frå USA var suveren meister og norske Frode Rønning kom på sølvplassen.
Granath representerte Sverige i Vinter-OL 1972, 1976 og 1980. To trettandeplassar i Innsbruck var han beste prestasjonar i så måte, i Lake Placid i 1980 fall han i begge distanseløpa.
I løpet av sine aktive år vart svensk meister 12 gongar og sette åtte nasjonale rekordar.
Doping I 1984 vart Granath teken for bruk av anabole steroidar i og sperra ute frå idrett i 18 månader.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Johan Granath» frå , den 16. mars 2026.
Kategori:Svenske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Dopingsaker i skeisesport