Ortygornis er ei biologisk slekt i fasanfamilien. Slekta samlar tre artar, éin funne i Afrika sør for Sahara og to lever i Sør-Asia.
Slekta Ortygornis vart introdusert i 1852 av den tyske naturforskaren Ludwig Kaiser for å komme éin enkelt art i møte, gråfrankolin, Ortygornis pondicerianus, som derfor er typearten. Namnet kombinerer det gammalgreske ordet ortux som betyr «vaktel» med ornis som betyr «fugl». Slekta omfattar artar som tidlegare vart plasserte i slekta Francolinus (frankolinar).
Skildring Ortygornis er mellomstore medlemmar av fasanfamilien. Kroppslengda er rundt 37 cm for sumpfrankolin, O. gularis, dei to andre artane er rundt 33 cm. Hannfuglar er noko større enn hoer, ein finn ca. 10-15 % skilnad i kroppsmasse.
Artane er altetande og lever av mellom anna insekt og vegetabilsk føde som frø, gras og bær.
Galleri
Artsoversyn
Medlemmar av Ortygornis i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Slekt Ortygornis Krattfrankolin, Ortygornis sephaena, Crested francolin, (Smith, A, 1836), (LC) Lever i austre Afrika frå Sør-Sudan og Etiopia til Sør-Afrika.
Sumpfrankolin, Ortygornis gularis, Swamp francolin, (Temminck, CJ, 1815), (NT) Fragmentert i sørlege Nepal og nordlege India.
Gråfrankolin, Ortygornis pondicerianus, Grey francolin, (Gmelin, JF, 1789), (LC) Det indiske subkontinent og sørlegaste Iran.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ortygornis» frå , den 21. mars 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fasanfamilien Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Fugleslekter