mini|Portrett av Grotius.

Hugo Grotius (), også Huig de Groot, eller Hugo de Groot, arbeidde som jurist i Nederland og la fundamentet for internasjonal rett basert på naturrett. Grotius er kanskje mest kjend for verket Mare Liberum som la grunnlaget for teorien om det opne hav og framtidig havrett. Han var og filosof, poet og dramaforfattar.

Tidleg liv

Grotius var fødd i Delft. Han var eldste barnet til Jan de Groot og Alida van Overschie. Faren var ein lærd mann, og oppdrog sonen til det same. Grotius kom inn på Universitetet i Leiden allereie elleve år gamal. Der studerte han under nokre av dei mest kjende akademikarane i Nord-Europa. Mellom dei Franciscus Junius, Joseph Justus Scaliger og Rudolph Snellius.See Vreeland (1919), chapter 1

Då Grotius var ferdig på universitetet i 1598 fekk han vere med ein nederlandsk statsmann Johan van Oldenbarnevelt på eit diplomatisk besøk i Frankrike. I Frankrike hadde Grotius omgang med mange kjende intellektuelle, og før han kom attende til Nederland vart han utnemnd til æresdoktor i jus ved Universitetet i Orleans. I Nederland vart Grotius advokat og historigraf for dei sameinte Nederlandske statane. I 1604 skreiv han første gong systematisk om internasjonal lov etter å ha blitt involvert i ei sak der nederlandske handelsskip hadde kapra eit portugisisk skip i Singaporstredet.

De Indis og Mare Liberum Nederlendarane var i åttiårskrigen med Spania og Portugal for sjølvstende då det fullasta handelsskipet Santa Catarina vart teke av kaptein Jacob van Heemskerk i 1603. Heemskerk var tilsett i Amsterdam avdelinga av Det nederlandske austindiakompaniet (Vereenigde Oostindische Compagnie). Han hadde ikkje løyve frå selskapet til å kapre andre skip, men mange av aksjeeigarane var svært interessert i profitten frå kapringa. Under nederlandsk lov var det svært tvilsamt om kapringa var lovleg og i tillegg var det ein del av aksjeeigarane som protesterte på moralsk grunnlag. Desse var for det meste mennonittar. Portugisarane forlangte sjølvsagde lasta si attende. Saka førte til offentlege juridiske høyringar og arbeid for å skaffe støtte frå nasjonal og internasjonal opinion. Det var i samband med denne saka Austindiakompaniet bad Grotius forfatte eit forsvar for kapringa.Sjå Ittersum (2006), chapter 1.

Resultatet av Grotius sin innsats i tida frå 1604 til 1605 var ei teoritung avhandling som Grotius kalla De Indies (Om det indiske). Grotius brukte naturrett som grunnlag for forsvaret av kapringa. Han hadde dermed skapt eit grunnlag som virka vidare enn den eine saka. Han var interessert i rettsgrunnlaget for lovleg krig reint generelt. Avhandlinga vart aldri trykt i sin heilskap medan Grotius levde, kanskje fordi retten dømde til fordel for selskapet og dermed var det ikkje naudsynt å vinne ytterlegare støtte for saka. Manuskriptet vart ikkje trykt før i 1864 under tittelen De jure praedae (Om retten til kapring). Prinsippa i denne avhandlinga la likevel grunnlaget for dei seinare arbeida hans om internasjonal rett, De jure belli ac pacis, og eit kapittel kom med i den innflytelsesrike pamfletten Mare Liberum.

I Mare Liberum (Dei frie hav) som vart trykt i 1609 formulerte Grotius eit nytt prinsipp om at havet var internasjonalt og at alle nasjonar fritt kunne nytte havet for handel. Dette prinsippet gav nederlendarane ideologisk grunnlag for bryte ulike handelsmonopol gjennom si formidable maritime makt. Før denne tid var det vanleg å tenkje at hava var delt mellom Spania og Portugal med bakgrunn i at Paven hadde delt verda mellom desse to landa. Prinsippa som Grotius formulerte finn vi igjen i dagens havrett. Artikkel 17 i Havrettstraktaten gjev alle rett til uskuldig gjennomfart.

England som konkurrerte kraftig med Nederland om å dominere verdshandelen var usamde i dette og kravde suverenitet over havet rundt Dei britiske øyane. I Mare clausum frå 1635 prøvde John Selden å prove at havet kunne okkuperast og kontrollerast på same måte som landjorda. Denne kontroversen leidde til krav som kom i konflikt med kvarandre. Det var Cornelius Bynkershoek som i De dominio maris (1702) fann løysninga. Eit land skulle ha suverenitet over hava så langt ut frå land som ein kanon kunne skyte. Dette utvikla seg til prinsippet om tremils grense til havs.

Denne disputten ville få økonomiske følgjer. Nederland støtta ideen om frihandel (sjølv om dei innførte eit spesielt handelsmonopol på muskat og nellik frå Molukkane). I 1651 vedtok England navigasjonslovane (Navigation Act) som forbaud gods å komme inn i England på anna enn engelske skip. Denne lova førte til den første engelsk-nederlandske krigen frå 1652 til 1654.

Arminiankontroversen, arrest og eksil

Godt hjelpt av kontakten med Johan van Oldenbarnevelt, gjorde Grotius ein politisk karriere. Han var Oldenbarnevelt sin politiske rådgjevar, generaladvokat for Fisc av Holland, Zeeland og Friesland i 1607 og vart Rådspensjonist (tilsvarande ordførar) av Rotterdam i 1613.Vreeland (1919), chapter 3. I 1608 gifta han seg med Maria van Reigersbergen og fekk åtte barn. Fire overlevde til å bli vaksne.

På denne tida var det ein stor teologisk kontrovers mellom tilhengjarane av Jacobus Arminius, dekan for teologi i Leiden og fundamentalistiske kalvinistar som Franciscus Gomarus. I 1610, fleire månader etter at leiaren deira døydde, gav tilhengjarane av Arminius uttrykk for doktrineskilnader mellom dei og kalvinismen. Ein del av dette var at dei meinte at gud ikkje garanterer frelse for utvalde folk. Under leiing av Oldenbarnevelt tok dei Sameinte nederlandske provinsane eit offisielt standpunkt for toleranse overfor arministane. Grotius vart etterkvart bedt om å skrive ein tekst som forsvarte dette synspunktet.

I skriftet frå 1613 argumenterer Grotius for eit syn han hadde utvikla lenge om skilje mellom kyrkje og stat, og at berre dei heilt grunnleggande (til dømes guds eksistens og hans forsyn) for å unngå sivil uro skulle beskyttast. Ulike syn på obskure teologiske poeng skulle latast opp til kvar einskild å avgjere.Sjå manuskriptet Meletius (1611) og det meir systematiske De imperio summarum potestatum circa sacra (trykt i 1617).

Skriftstykkjet hadde ikkje den ønskte verknaden, og sivil uro spreidde seg i republikken. Oldenbarnevelt foreslo til sist at at lokale styresmakter skulle få høve til å rekruttere troppar for å få kontroll med situasjonen. Ei slik handling underminerte autoriteten til Stadthaldaren til republikken, på denne tida Maurice av Nassau, Prins av Orange. Maurice nytta høvet til å styrke makta til gomaristane som han støtta og til å fjerne Oldenbarnevelt som han mislikte. Oldenbarnevelt og Grotius vart arresterte den 29. august 1618. Oldenbarnevelt vart avretta og Grotius vart dømd til livstidsstraff i Løvenstein slott.

I 1621 klarte Grotius å flykte med hjelp frå kona. Han kom seg ut frå slottet i ei bokkasse og flykta til Paris. I Nederland i dag er han i hovudsak kjend for denne røminga. Både Rijksmuseum i Amsterdam og museet Het Prinsenhof i Delft hevdar å ha den originale bokkassa.

Grotius vart godt motteken i Paris av tidlegare kjende og fekk ein kongeleg pensjon av Ludvig XIII. Det var i Paris Grotius gjorde ferdig sitt mest kjende filosofiske verk.

Om sanninga i den kristne religion Medan han var i Paris tok Grotius fatt på å sette om til latin eit arbeid som han hadde skrive på didaktisk vers i fengsel. Dette var eit rudimentært, men systematisk argumentsamling for sanninga i kristendomen. Det latinske arbeidet vart først trykt i 1627 under namnet De veritate religionis christianae, på nederlandsk Bebijs van den waren Godsdienst trykt i 1622.

Det var den første protestantiske tekstboka om kristen appologetisme, og var delt i seks bøker. Delar av teksten handlar om framveksten av historisk medvett knytt til innhald og forfattarskapen til dei kanoniske evangelia. Andre delar av skriftet handlar om heidenske religionar, jødedom og islam. Eit anna særpreg i denne boka var at den tok opp nokre problem som seinare vart sentral i deismen i det attande hundreåret. Grotius er den første til å uttrykke appologetiske legale og juridiske argument til forsvar av kristen tru. Verket vart omsett til engelsk, arabisk, farsi og kinesisk for bruk i misjonsarbeidet i austen og vart trykt fram til slutten av det nittande hundreåret.

Grotius utvikla og eit eige syn på forsoningslære i kristendomen. Han meinte at Jesus' offerdød skjedde for at Gud skulle kunne tilgje, men samstundes ha eit rettferdig styre over universet. Denne ideen vart vidareutvikla av teologar som John Miley og vart den dominerande teorien i arminianismen og metodismen.Omsettinga av desse avsnitta er kanskje ikkje heilt bra. Det kan vere fornuftig å sjekke originalen på: engelsk wikipedia

De Jure Belli ac Pacis thumb|Tittelsida frå den andre utgåva (Amsterdam 1631)av De jure belli ac pacis

Grotius levde medan åttiårskrigen mellom Spania og Nederland og trettiårskrigen mellom protestantiske og katolske nasjonar pågjekk. Det er derfor ikkje underleg at han var svært opptatt av konflikt mellom statar og religionar. Det viktigaste arbeidet hans vart starta i fengsel og avslutta i Paris og gjorde eit forsøk på å byggje eit moralsk konsensus om korleis slike konfliktar kunne avgrensast. Grotius skreiv:

Heilt overtydd ... at det finst ein felles lov mellom nasjonar som er like gyldig i krig og fred. Eg har hatt mange vektige grunnar for å skrive om temaet. Rundt om i heile den kristne verda har eg observert ein mangel på atterhald med omsyn til krig, handlingar som sjølv barbarar ville skjemtes av. Eg har observert at menneske tar til våpen for den minste grunn eller ingen grunn i det heile, og at når våpen er blitt løfta er det ikkje lenger noko respekt for loven, gudommeleg eller menneskeleg. Det er som om ein i følgje eit generelt dekret galskap er slept laus og alt kriminelt blir gjort.The Law of War and Peace, trans. Francis Kelsey (Carnegie edition, 1925), Prol. sect. 28. (Omsett til norsk her)

De jure belli ac pacis libri tres (Om lovane i krig og fred) vart først prenta i 1625, dedikert til Ludvik den XIII som var Grotius sin mesen på denne tida. Boka fremjar eit system basert på naturrett, som a priori må vere bindande for alle folk til alle tider. Verket er delt i tre bøker:

Bok I fremjar konseptet krig og naturleg justis og Grotius sitt syn om at dette kan vere lovleg under nokre føresetnader. Bok II identifiserer tre 'rettferdige grunnar' for krig. Desse kan vere sjølvforsvar, straff og oppreisning. Grotius gjennomgår desse tre grunnlaga for krig og undersøkjer når dei kan gje grunnlag for lovleg krig og når dei ikkje kan det. Bok III tar for seg kva reglar som gjeld når krigen har tatt til. Grotius hevda og fekk gehør for at desse reglane måtte gjelde begge partane i ein krig, utan omsyn til om den eine aller andre parten årsaka krigen eller om det var ein rettferdig krig.

Argumenta i dette verket er eit grunnlag for ein teori om rettferdig krig. Røft sagt tar andre bind for seg spørsmålet om jus ad bellum (rettsgrunnlaget for å starte krig), medan det tredje bindet tar for seg spørsmålet om jus in bello (rettsgrunnlaget for oppførsel i krig). Grotius sin måte å oppfatte desse spørsmåla vart heilt grunnleggande for seinare verk på dette området og internasjonal rett på dette området.

Seinare år