NLA Høgskolen er ein privat kristen høgskule i Noreg akkreditert av NOKUT. Høgskulen har rundt 3 300 studentar og 300 medarbeidarar fordelt på fire campus i tre byar, to i Bergen, ein i Sandviken og den andre på Kalfaret, Gimlekollen i Kristiansand og Staffeldtsgate i Oslo. Høgskulen tilbyr òg bachelorstudium på to regionale studiesenter, eit med teologiutdanning i Trondheim og det andre med økonomiutdanning i Stavanger.

Studietilbod NLA Høgskolen tilbyr femårige integrerte masterprogram i grunnskulelærarutdanning og bachelorprogram i barnehagelærarutdanning i både Bergen og Oslo. I Bergen tilbyr høgskulen òg bachelorgrad i pedagogikk, og mastergrader i barnehagekunnskap, pedagogikk, spesialpedagogikk og pedagogisk leiarskap.

I Bergen kan studentane ta mastergrad i teologi, ei profesjonsutdanning for prestar i Den norske kyrkja, og ein engelskspråkleg mastergrad i «Theology and Ministry». Bachelorgrad i teologi vert tilbydd i Bergen, Oslo, Kristiansand og Trondheim, kvar med sin eigen akademiske profil.

Under namnet Hauge School of Management (HSM) tilbyr NLA Høgskolen to bachelorprogram i økonomi i Oslo, Bergen, Kristiansand og Stavanger. Frå 2026 tilbyr HSM òg ein mastergrad i leiing av ansvarleg innovasjon og entreprenørskap i Oslo. Hauge School of Management er oppkalla etter Hans Nielsen Hauge.

NLA Høgskolen i Oslo (Staffeldts) tilbyr ein mastergrad i utøvande rytmisk musikk, og bachelorgradsstudier i utøvande rytmisk musikk og i musikkskaping med låtskriving, produksjon og live. Eit eige fireårig bachelorløp fører til to bachelorgradar, ein i utøvande musikk og ein i «musikk, menighet og ledelse». På Staffelds kan også studentar med musikkutdanning byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning for å kvalifisere seg til arbeid som musikklærarar.

Interkulturelle studiar er tilgjengeleg med bachelorprogram i Bergen, Kristiansand og som nettstudium, i tillegg til ein mastergrad i Bergen. I Kristiansand tilbyr høgskulen òg bachelorgrader i journalistikk og i innhaldsproduksjon, og ein engelskspråkleg mastergrad i «Global Journalism».

I tillegg til dei gradsgivande studieprogramma tilbyr NLA Høgskolen årsstudiar, vidareutdanning og nettstudiar innanfor alle fagområda. Høgskulen tilbyr òg emne i økonomi og administrasjon for ukrainske flyktningar med ukrainsk som undervisningsspråk. For internasjonale utvekslingsstudentar er det tilgjengeleg åtte ulike semesterprogram på bachelor-nivå, som alle blir undervist på engelsk.

I 2025 søkte NLA høgskolen om akkreditering av eit nytt doktorgradsprogram i sosialt ansvar og danning.

Historie Norsk Lærerakademi byrja med studiar i kristendomskunnskap i Bergen i september 1968 og utvida med studiar i pedagogikk frå 1977. Akademiet blei akkreditert som høgskole i 2006. I 1995 blei NLA Lærerhøgskolen etablert som ei sjølvstendig eining med lærarutdanning på Breistein i Åsane bydel nord i Bergen kommune, og frå 2005 blei lærarhøgskulen utvida med utdanning for førskulelærarar. I 2010 blei dei to einingane fusjonert, og i 2013 blei Høgskolen i Staffeldtsgate i Oslo og Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand innlemma i NLA Høgskolen. Frå hausten 2013 kom Hauge School of Management til som ei verdibasert økonomiutdanning med utgangspunkt i Staffeldtsgate.

Januar 2024 flytta lærarutdanningane frå Breistein til ein ny campus på Kalfaret i Bergen sentrum, i dei historiske lokala til Pleiestiftelsen for spedalske nr.1. Hausten 2024 etablerte NLA Høgskolen eit regionalt studiesenter i Trondheim i lokala til bibelskolen Gå ut-senteret, der NLA tilbyr studiar i teologi og praktisk teologi. I 2025 utvida NLA Høgskolen Hauge School of Management si verksemd med eit regionalt studiesenter i lokala til Solborg folkehøgskole i Stavanger.

Eigarar og leiing NLA Høgskolen er eigd av sju lavkyrkjelege lutherske kristne organisasjonar:

Normisjon Det Norske Misjonsselskap Indremisjonsforbundet Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag Norsk Luthersk Misjonssamband Søndagsskolen Norge Den evangelisk-lutherske frikyrkja

Eigarane møter årleg til generalforsamling. Generalforsamlinga er det øvste organet til høgskulen, og ansvarleg for å velje styret. NLA har tilsett rektor.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «NLA University College» frå , den 4. april 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Utdanning i Bergen Kategori:Høgskular i Noreg Kategori:Lærarutdanning Kategori:Barnehagelærarutdanning Kategori:Utdanning i Oslo Kategori:Utdanning i Kristiansand Kategori:Utdanning i Stavanger Kategori:Utdanning i Trondheim