Kenneth David Kaunda () var ein zambisk politikar som frå 1964 til 1991 var den første statsleiaren i Zambia.
Frå 1958 var Kaunda ein av dei fremste i kampen for sjølvstende frå det britiske imperiet. Etter Zambia, det tidlegare Nord-Rhodesia, vart sjølvstendig i 1964 vart Kaunda vald til president i landet. Han lukkast i å hindre stammekrigar, men under valet i 1968 kom det til vald mellom grupper i partiet hans. Kaunda beheldt likevel makta. Etter vald mellom ulike stammar og parti i 1972, vedtok Kaunda-regjeringa å forby andre parti enn det sosialistiske sjølvstendepartiet (UNIP).
I 1970-åra skaffa den zambiske staten seg kontroll over drifta av kopargruver som utanlandske selskap eigde. Også andre industriar vart statstyrte. Store investeringar i gruvesektoren, og låg interesse for jordbruket, leia landet inn i eit økonomiske uføre etter oljekrisa 1973-74. Statlege mat-subsidiar til dei fattige i byane bidrog til å redusere avlingane i landbruket. Aukande oljeprisar og særleg prisfall på kopar forverra den økonomiske stoda. I tillegg førte minkande investeringar frå utlandet og lågare bistand, og stigande korrupsjon i Kaunda-regjeringa, til ei gradvis utarming av land og folk. Arbeidsløysa steig, levekåra forverra seg og tilboda om utdanning og sosiale tenester forfall.
Kaunda var i mange år engasjert i striden mot minoritets-styra i Sør-Rhodesia og Sør-Afrika. For Zambia var økonomiske sanksjonar mot Sør-Rhodesia kostbare. Sist i 1970-åra tillet elles Kaunda at rhodesiske geriljastyrkar kunne trekke inn i Zambia.
Utan motkandidatar i 1978 og 1983 heldt fram Kaunda å styre Zambia. Fleire forsøk på kupp tidleg i 1980-åra vart slått ned. Auka misnøye i befolkninga og ein styrka politisk opposisjon tvinga Kaunda i 1990 til å opne for at opposisjonsparti kunne dannast, noko som la grunnlaget for frie val i 1991. Kaunda og UNIP vart grundig slått av Fleirparti-rørsla (MMD) i 1991-valet. Den 2. november 1991 tok Frederick Chiluba over styringa av Zambia.
Kjelder
Britannica
Bakgrunnsstoff
Kategori:Zambiske statsleiarar Kategori:Zambiske politikarar